Gravplassforvaltning - eit offentleg ansvar


Gravplassforvaltning - eit offentleg ansvar


Gravferdslova §1 understrekar at gravlegging skal skje med respekt for den avdøde sin religion eller livssyn. Dette tyder at alle har krav på likeverdig handsaming, uavhengig av kva for trus- eller livssynsamfunn ein høyrer til.

I Sogndal kommune er Sogndal kyrkjelege fellesråd offentleg gravferdsmyndigheit og tilbyr eit likeverdig tilbod av tenester til ALLE innbyggarar: Kistegravlegging, kremasjon og andre tilhøve ved gravplassen (urnenedsetjing, gravminne, gravstell, gravregister, feste av graver osb).

Dei fleste av dei offentlege gravplassene i Noreg vert forvalta av Den norske kyrkja ved kyrkjeleg fellesråd i den aktuelle kommunen, men gravplasslova opnar også for at kommunen kan ta over ansvaret som gravplassmyndigheit . Dette er tilfelle i seks kommunar i Noreg: Oslo, Bærum, Sandefjord, Modum, Vennesla og Gjesdal.

 

Offisiell opning og vigsling av ny del på Stedje kyrkjegard fredag 18. september 2026

Fredag 18. september vart den nye delen av gravplassen på Stedje kyrkjegard offisielt opna og vigsla.

Les meir

 

Bossortering på gravplassane

Det er no lagt opp til sortering av boss på gravplassane våre på Husabø, Ølmheim og Kaupanger.

Les meir

 

Møte om gravferd for trus- og livssynssamfunn

I tråd med gravplasslova § 23 inviterer gravplassmyndigheita i Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal representantar frå trus- og livssynssa...

Les meir

 

Offisiell opning og kyrkjeleg vigsling av utvida del av Stedje kyrkjegard

Fredag 18. september kl 14:00 vert det offisiell opning av den nye delen av Stedje gravplass. I etterkant av opninga vert det også kyrkjele...

Les meir

 

Prisliste - Avgifter knytt til gravplassane i Sogndal

Her finn du oversyn over alle avgifter knytt til gravlegging i Sogndal kommune: Festeavgifter og avgifter knytt til Namna minnelund og utan...

Les meir

 

Leverandørar som tilbyr gravstell på gravplassane i Sogndal

Her finn du kontaktinformasjon til eksterne tilbydarar som tilbyr tenester med stell av graver i Sogndal kommune (planting, vatning, luking...

Les meir

Kontaktpersonar


Rådgjevar for gravplassforvaltning og IKT + Prostesekretær i Sogn prosti

Jostein Risa

57679985

92060832

Send e-post

Leiande kyrkjetenar

Bente Leirdal Sleen

45604249

Send e-post