Leverandørar som tilbyr gravstell på gravplassane i Sogndal


Leverandørar som tilbyr gravstell på gravplassane i Sogndal


Her finn du kontaktinformasjon til eksterne tilbydarar som tilbyr tenester med stell av graver i Sogndal kommune (planting, vatning, luking, rydding osb). Ein kan også tinge krans til jul og fleire tilbyr også andre tenester.

Sogndal kyrkjelege fellesråd har som gravplassmyndigheit i Sogndal kommune ikkje ansvar for å tilby gravstell, men får jamleg spørsmål frå pårørande om kven som kan tilby slike tenester. Som ein service til brukarane av gravplassane kunngjer vi no denne informasjonen gjennom våre kanalar.

  • Sigbjørn Ølmheim tilbyr gravstell på
    • Stedje kyrkjegard
    • Ølmheim kyrkjegard
    • Kaupanger kyrkjegard
    • Kaupanger gravlund
    • Fjærland kyrkjegard.

Han har frå 2023 tilbydd dei same tenestene som Stedje blomster og gartneri hadde tidlegare. Det tyder at det også er mogleg å tinge vask av gravminne, fornying av skrift, oppretting av skeive gravsteinar osb 
Kontakinformasjon: m. 905 60 223. E-post: sigbj-oe@frisurf.no, 

  • Syrstrond gartneri (Hageland) tilbyr gravstell på
    • Leikanger kyrkjegard
    • Husabø gravplass. 

Også Syrstrond tilbyr tenester som vask av gravminne, fornying av skrift, oppretting av skeive gravminne osb. 
Kontaktinformasjon: m. 908 65 833. E-post: post@sgartneri.no
 

  • Sogneprodukt avd. Balestrand tilbyr gravstell på
    • Tjugum kyrkjegard.

Kontaktinformasjon: m. 480 78 111. E-post: marlun@sogneprodukt.no
 

På gravplassane Sæle kyrkjegard og Kvamsøy kyrkjegard i Balestrand er det per i dag ikkje eksterne tenesteytarar som tilbyr gravstell inntil vidare. Her lønar fellesrådet personar på timebasis for å utføre stell av eit par graver, men fellesrådet kan ikkje garantere at ein finn folk til å gjere denne jobben frå år til år.

Tilbake