Nye gravplassvedtekter i Sogndal frå 2022


Den nye Forskrift om gravplassvedtekter, Sogndal kommune, Vestland fylke vedteken 19. januar 2022 er kunngjort på lovdata.no og har vore gjeldande i kommunen frå 4. april 2022. Den nye forskrifta erstatta den tidlegare Vedtekter for gravplassane i Sogndal kommune som har vore gjeldande frå 1.1.2020.

 

Gravplassvedtekene kan lastast ned i pdf-format HER
eller du kan lese gravplassvedtekter for Sogndal direkte her på heimesida eller på lovdata.no

BAKGRUNN

Sogndal kyrkjelege fellesråd er lokal gravplassmyndigheit i Sogndal kommune.

I samband med utvidinga av Stedje kyrkjegard og etablering av Namna minnelund, måtte dei lokale gravplassvedtektene reviderast. Det vart då samstundes gjennomført ein full gjennomgang av vedtektene og etter offentleg høyring i desember 2021, vedtok Sogndal kyrkjelege fellesråd nye gravplassvedtekter den 19. januar 2022. Dei nye vedtektene vart godkjende av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 28. mars 2022 og er gjeldande frå 4. april 2022 då dei var publiserte i Norsk Lovtidend (lovdata.no). Gravplassvedtektene for Sogndal er ei offentleg, lokal forskrift.

Du kan få utskrift av gravplassvedtekene for Sogndal ved å vende deg til kyrkjekontoret i Sogndal eller i Balestrand. Om du skulle ha spørsmål er du også velkomen til å kontakte kyrkjekontoret (kontaktinformasjon nede på sida).

Tilbake