Fredag 18. september kl 14:00 vert det offisiell opning av den nye delen av Stedje gravplass. I etterkant av opninga vert det også kyrkjeleg vigsling av denne delen av kyrkjegarden.
Program:
Velkomen ved fellesrådsleiar Karen Marie Hjelmeseter
Orientering om prosessen og resultatet av utvidinga av kyrkjegarden ved kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide
Offisiell opning ved varaordførar Frode Bøthun
Mingling, kaffi og kake.
Kyrkjeleg vigsling av dei nye gravfelta på Stedje kyrkjegard ved prost Kjell Olav Høstaker Nordheim med fleir
Alle velkomen!