TÅRNAGENTDAG i Ølmheim kyrkje

Publisert: 11.10.2018
Oppdatert: 23.10.2018

Finst det stader i kyrkja, som du ikkje visste om?

Du har kanskje ikkje vore i Ølmheim kyrkje før? Ho har eit høgt og flott tårn! Opp der kan du få lov å komme! Du bestemmer sjølv om du vil gå heilt opp. Spør om mamma eller pappa kan melde deg på og bli med på TÅRNAGENTDAGEN  20.oktober kl. 11-15!

 

Kyrkja inviterer alle 8-åringar i Sogndal og Leikanger kommunar til TÅRNAGENTDAG i Ølmheim kyrkje (Norane) - laurdag 20.oktober kl. 11-15.

Denne dagen skal me utforske kyrkja og klokkene i kyrkjetårnet, bruka Bibelen til å løyse spennande oppdrag og mysterium. Kanskje fins det nokre hemmelege teikn i kyrkja? Det må me agentar finne ut! Me skal vera saman om mange kjekke aktivitetar denne dagen og det blir servert pizza - me håpar at mange har lyst å bli TÅRNAGENT!

Foreldre/foresatte melder på barnet til arrangementet ved å kontakte kyrkjelydspedagog Monica Ugulsvik via SMS: 906 17 319 eller e-post: monica@sogndal.kyrkja.no fortløpande og innan 18.oktober. Det er viktig at de melder frå dersom særskilde behov, òg fører på om barnet har ein Englevakt* med seg.  Pris: kr 50 pr. agent, ein kan betale med Vipps!

 

*Ein Englevakt kan vera ein forelder, besteforelder eller fadder som følgjer borna gjennom dagen på dei ulike aktivitetane, hjelper til under måltid og anna praktisk som dukkar opp. Me har altid behov for vaksne som ser borna og kan vera ei hjelpande hand!