Hausten 2026 starta me opp att Barnekoret i Stedje torsdag 10.9. Koret er for alle som vil i 4. - 7. klasse og øvingane er annankvar torsdag på Stedjetunet i Sogndal (Kyrkjevegen 6).
Meld deg på her!
Barnekoret passar for deg som går i 4. - 7. klasse, og som er glad i musikk. Det er i utgangspunktet for born busett i Sogndal kommune, men born frå våre nabokommunar er også hjarteleg velkomne til å vere med.
Øvingane vil i hovudsak vere på Stedjetunet, annankvar torsdag frå 10.oktober, og vil vere frå kl. 18.00 - 19.30.
Kantor Hallgeir Øgaard Westli vil leie koret saman med kyrkjelydspedagog Birte Husum.
Det kostar kr. 200,- pr semester pr born å vere med i koret..
Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med Hallgeir Øgaard Westli tlf.94 00 38 34, eller e-post HW862@kyrkja.no.
Øvingsplan finn du under eller i denne pdf-fila:
Historikk:
Hausten 2025 hadde vi prosjektkor for 4. - 7. klasse på Stedjetunet, som enda i konsert saman med Atle Pettersen i Stedje kyrkje rett før jul. Dette var så kjekt at vi heldt fram på nyåret og no er koret etablert i eit meir langsiktig perspektiv.