Kyrkja i Sogndal sender invitasjonar til barn i alle sokn ut frå medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Om dine barn ikkje er medlem, kan du likevel melde dei inn som gratis trusopplæringsabonnentar. Dei vil då få same invitasjonane som medlemmane.
DÅP OG MEDLEMSKAP.
Når ein vert døypt i Den norske kyrkja (Dnk) vert ein også medlem.
Er ein døypt i eit anna kyrkjesamfunn, kan ein melde seg inn i Dnk ved å levere kopi av dåpsattest. (OBS: ein kan ikkje vere medlem av fleire trussamfunn samstundes, og må i tilfelle melde seg ut av det første).
DÅPSLØFTET OG TRUSOPPLÆRINGSARBEIDET.
Når eit barn vert døypt, seier foreldra og fadrane ja til at barnet skal "oppsedast til eit liv i den kristne forsakinga og trua". Dette er mandatet som kyrkja får til å drive trusopplæringsarbeid, i lag med foreldre, fadrar og kyrkjelyden.
GRATIS TRUSOPPLÆRINGSABONNEMENT
Om barna dine ikkje er døypte eller medlem i Dnk, kan du melde deg inn som abonnent i trusopplæringa (opnar nytt vindu). Du nyttar ditt personnummer og personleg ID for å logge deg inn, og registrerer barna dine. Dei vil då få brev i posten på lik linje med medlem. Dette er heilt nytt hausten 2021, og me ber om hjelp til å spreie denne informasjonen slik at fleire kan få det med seg. Alle barn er velkomne i kyrkja på trusopplæringstiltak!!
Bilde av Mi kyrkjebok 6, som vert delt ut til alle 6-åringar.
KVA BLIR DEI INVITERTE TIL?
Me sender ut skriftlege invitasjonar til alle bokutdelingar, og større arrangement som krev påmelding, som t.d. Tårnagent og Lys vaken. Her finn du oversikta over trusopplæringstiltak i kyrkja i Sogndal. Ein treng ikkje melde seg på til bokutdelingar og vanlege gudstenester. Babysong og Småtrolltrall er tiltak som går fast kvart semester, og vert ikkje sende ut invitasjonar til.
ALLE ER VELKOMNE ALLTID!
Kyrkja forkynner bodskapen om Jesus Kristus. "GUD GIR - VI DELER" er overskrifta i trusopplæringa i Den norske kyrkja. Jesus viste gjennom si forkynning og handling at ungane var særleg viktige. Me les om dette i dåpsliturgien. Alle barn er velkomne til samlingar og gudstenestefeiring, der me deler dei gode nyhendene (evangeliet) om Jesus på ulike måtar. Songar, preike og regi blir lagt med særleg tanke på ungane i dei gudstenestene som trusopplæringa inviterer til. Men ungar er ALLTID velkomne med i gudstenestene. I alle kyrkjene våre har me anten "Kyrkjesekkar" (inneheld teikneutstyr) og/eller barnekrok med bøker og der ein kan sitte og teikne. Ta kontakt med ein kyrkjevert, så får du hjelp til å finne fram.
Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt ved spørsmål.
Beste helsing
Birte Husum
Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
bh278@kyrkja.no | Tlf: 94798799 (klikk for å ringe)