Onsdagsklubben våren 2019

Publisert: 24.01.2019
Oppdatert: 24.01.2019

Tysdagsklubben i Stedje kyrkjelyd er blitt Onsdagsklubb, for born frå 4 år til 3. klasse. Samlingar på utvalde onsdagar med fast tid kl 17-18.

Onsdagsklubben SPRELL LEVANDE startar opp att! Klubben er ein søndagsskule på kvardag, og er for alle born som har lyst til å vere med, frå og med fire års alder og oppover til og med tredje klasse. Her snakkar me om Jesus og det å tru på ein måte som er lettare for born å forstå, enn slik det kanskje er til vanleg på søndags–gudstenestene.
Me

  • les, 
  • lærer,
  • opplever,
  • høyrer,
  • smakar og
  • leikar.

Sjølvsagt kan dei vaksne også vere med, dersom dei har lyst til det! Det vil vera bruk for foreldre eller andre vaksne som vil vera med som frivillege. Om dette er noko for deg, ta kontakt med hovudleiar Kjell Olav Høstaker Nordheim på tlf 482 43 056 for å få vita meir.

Me er kjempeheldige og får låne rom til dei fleste samlingane på Trudvang skule!
Nytt hovudinngangen ved musikkrommet, Onsdagsklubben sine samlingar er på FORMINGSROMMET.

Aldersgruppe: Frå 4 år til tredje klasse.
Samlingar denne våren:
Onsdag 30 januar, kl 17-18.
Onsdag 6.februar, kl 17-18.
Onsdag 27.februar, kl 17-18.
Onsdag 6. mars, kl 17-18.
Onsdag 20.mars, kl 17-18.
Onsdag 3.april, kl 17-18.
Onsdag 24.april, kl 17-18.
Søndag 28.april kl 11 i Stedje kyrkje: PÅSKEFEST FOR ALLE.

VELKOMEN TIL ONSDAGSKLUBBEN! :-) 

Følg Trusopplæringa i Sogndal og Leikanger på Facebook.
Følg Stedje kyrkje på Facebook

Les meir om oppstarten av onsdagsklubben på Søndagsskolen Norge sine nettsider.