Kaupanger gravlund

Kaupanger gravlund

Publisert: 21.08.2018
Oppdatert: 22.10.2019

Kaupanger gravlund ligg ved stavkyrkja på Kaupanger, og vart offisielt opna 21. august 2018.

Gravlunden er den første gravlunden i Sogn med eit eige felt tilpassa andre livssyn. På gravlunden er det eit eige felt der gravene er vendt mot Mekka.

Då gravlunden er i eit verna område, er det og spesielle omsyn og krav til gravminne. I vedtektene for gravplassane i Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd, kan ein lese fylgjande:

Om gravminne

Gravminnet skal vere av ubearbeida naturstein: Det skal vere liggjande, og mest mogleg naturtro i utforming. Det skal maksimum ha 25 cm. høgd og 75 cm. breidde. Gravminne skal vere tilpassa fundamentet slik at det kjem 5 cm innanfor ytterkant av fundamentet på alle sider. Gravminnet skal monterast på fundamentet med to massive rustfrie boltar som er 15 cm lange og 12 mm tjukke. Fundamentet skal gravast ned i jorda slik at det fluktar med terrenget. Gravminne og fundament kan vere i ulike steinslag, i fargeskala svart til kvit. Det er berre høve til å montere gravminne som er låge eller liggjande. Dei skal vere maksimum 25 cm. høge. På gravfelta skal nye gravminne vere av stein/bergartar i fargeskala svart til kvit. Gravminne skal ikkje vere utstyrt med lause eller fastmonterte lykter eller pyntegjenstandar.

Om plantefelt

Det er høve til å opparbeide plantefelt framføre dei liggande gravminna som går 90 cm fram, målt frå bakkant av gravminne. Det er høve å plante planter som er høgare enn gravminne, men plantene skal ikkje overstige 40 cm. Dersom ein ikkje ynskjer å opparbeide plantefelt, kan det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. Det er ikkje høve til å ramme inn plantefeltet med natursteinskant. Av omsyn til brannfare er det ikkje høve å pynte grava med faklar eller lys med open eld. Gravlykter skal vere festa i bakken.