Diakoni


Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Jesus sa: ”Du skal elska din neste som deg sjølv”. Og vidare: ”Det du vil andre skal gjere mot deg skal du gjere mot dei”.

Ein diakonal tankegang i våre kyrkjelydar er forankra i Gud sin kjærleik til oss menneske.

Jesus tek imot oss med opne armar. På same viset skal vi ta imot kvarandre og vise kvarandre kjærleik og respekt, og vi vil vere ydmyke i møte med kvarandre.

Vårt verdigrunnlag pregar haldningane våre, og viser seg i våre handlingar ovanfor kvarandre.I kva grad viser vi omsorg, er rettferdige, tilgir eller ivaretek den andre sine behov og interesser?

Diakonia er gresk og kan blir forstått som omsorg og teneste i kyrkjeleg samanheng og fellesskap. I stor grad er diakoni møte med menneske i ulike livssamanhenger. 

Bibelen nyttar diakoni i samanheng med eit ”oppdrag”, med kjenneteikn av at oppdraget er viktig. Oppdragsgivaren er Gud, som kaller oss til teneste for kvarandre og for han. Diakoni er difor på dagsorden i alle kyrkjelydar i ulike formar til ein kvar tid, noko også Kyrkjerådet vektlegg:

Visjonen er at evangeliet skal utøvast i handling, som kyrkja sine hender og føter slik at det er samsvar mellom våre liv og det vi har lært.

Dette kan verte uttrykt gjennom :

  • nestekjærleik
  • inkluderande fellesskap
  • kamp for rettferd
  • vern om skaparverket.

Diakoni i kyrkjelyden kan være aktivitetar og tilbod for alle aldersgrupper. Diakoni er såleis å legge tilrette for gode møteplassar for vekst og trivsel, med forkynning av Guds ord og der vi gjennom våre møteplassar kan gi kvarandre støtte og oppmuntring.

I mange tilfelle vil diakoni handle om å gi livshjelp i form av samtale og rettleiing, gi trøyst, motivere og gi håp til den som treng det.

Diakoni utfordrar oss på mange måtar, til å sjå og bry oss om kvarandre. Vi er kalla til å hjelpe og tene kvarandre til det beste for den einskilde og for fellesskapet.



 

Torsdagsklubben hausten 2024

Torsdagsklubben er eit fritidstilbod ca.ein gong i månaden, for menneske med nedsett psykisk/fysisk funksjonsevne.  Samlingane er med ...

Les meir

 

Invitasjon til sorggruppe

I september eller oktober hausten 2024 vil vi starte ei ny sorggruppe for dei som er interessert. Det er mogleg å melde seg interessert til...

Les meir

 

Gravferder i Sogndal komande veke

På denne sida finn du lenker til oversikter over seremoniar i kyrkja i Sogndal og til dødsannonser frå Sogn Gravferdshjelp og Nummedal Grav...

Les meir

 

Diakoniutval perioden 2023-2027

Sokneråda i vårt fellesrådsområde har no valgt representantar til diakoniutvalet for perioden 2023-2027.

Les meir

 

Mandat for Diakoniutvalet

Mandat for diakoniutvalet i Sogndal kyrkjelege fellesråd.

Les meir