Livet møter oss med både gode og vonde dagar. Noko av det som er mest vanskeleg, er når ein av våre næraste døyr. Det kan vere vanskeleg å vere åleine med sorg og sakn. Det kan vere godt å kome saman med andre som har opplevd noko liknande. Å snakka saman, dele tankar og erfaring, kan bli til hjelp og støtte på vegen vidare.
Vi startar ny sorggruppe på Stedjetunet, Kyrkjevegen 6, i Sogndal. Første samling vert i slutten av januar eller i byrjinga av februar, når det er minimum 5 deltakarar.
Etter planen vert samlingane mandagar kl. 18.00 – ca. 20.00.
Etter fyrste samlinga kan det vere lettare å bestemme seg for om du vil vere med i sorggruppa og fortsetje samtalene i gruppa.
Greitt å vite om sorggruppe:
- Mellom 5-8 deltakarar.
- Alle har teieplikt ovanfor kvarandre.
- Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 10-12 samlingar.
- Tema basert, men fleksibelt.
- Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
- Sorggruppetilbodet er gratis.
- Sorggruppa er utvikla med støtte frå Kirkerådet.
Velkomen til å ta kontakt med diakon Gitte: tlf. 97416519
Sorggruppeleiarar:
Gitte Th. Torstad, diakon
Tlf: 974 16 519
E-post: diakon@sogndal.kyrkja.no
Bente Karin Vatlestad
Sjukepleiar, Lærar i helse og oppvekst