Mandat for Diakoniutvalet


Mandat for diakoniutvalet i Sogndal kyrkjelege fellesråd.

1. Samansetjing av utvalet:

1.1.Kvart sokneråd i fellesrådsområdet vel ein medlem og ein varamedlem til diakoniutvalet.

Utvalsmedlemen bør vere medlem i soknerådet og må bu i soknet. Dersom utvalsmedlemen ikkje er medlem i soknerådet, er det soknerådet sitt ansvar å halde kontakt med utvalsmedlemen og kalle denne inn til soknerådsmøta når dei skal handsame spørsmål som gjeld diakoni. Sokneråda ved leiar får referat frå kvart diakoniutvalsmøte

1.2 Diakoniutvalet vert valt for soknerådsperioden.

1.3 Diakoniutvalet konstituerar seg på sitt første møte for året, og konstitueringa gjeld for 1 år om gongen. Valde utvalsmedlemar skal ha verva som leiar og nestleiar. Diakon er sekretær for utvalet.

2.Utvalet sitt oppdrag er:

2.1. å vere med å verkeleggjere kyrkjelyden sitt diakonale oppdrag etter Kyrkjerådet sin «Plan for diakoni» (2010, Dnk). I tråd med dette kan utvalet setje i verk tiltak.

2.2 å representere sokneråda i eit felles diakoniutval.

2.3 å vere eit samarbeidsorgan og ein støttespelar til diakonen si teneste. Dette gjeld særleg med tanke på utveksling, refleksjon og drøfting av idear, vurderingar og tiltak i sokna som diakonen har teneste i.

3. Utvalet si verksemd:

3.1 Kvart diakoniutvalsmedlem har særleg ansvar for å oppmode soknerådsleiaren om at sokneråde kvar haust gjennomfører evaluering/rullering av soknet sin eigen diakoniplan. Soknerådet sitt vedtak om godkjent lokal diakoniplan vert sendt til rådgjevar for diakoni ved Bispedømekontoret som orientering. Godkjente lokale diakoniplanar vert samla i «Felles plan for diakoni» for fellesrådsområdet.

3.2 Utvalet har saman med diakonen det overordna ansvaret for å utarbeida ein «Felles plan for diakoni» for sokna i fellesrådsområdet. Revidering av «Felles plan for diakoni» skal utførast av diakoniutvalet anna kvart år, partals år. «Felles plan for diakoni» skal godkjennast av fellesrådet.

3.3 Utvalet skal saman med diakonen vere med å leie det diakonale arbeidet for å engasjere frivillige til teneste.

3.4 Utvalet skal halde fram og løfte opp diakonale utfordringar i sokneråda, i kyrkjelydane og i samfunnet elles; med særleg fokus på nestekjærleik, inkluderande fellesskap, kampen for rettferd og vern om skaparverket. Dette kan mellom anna skje gjennom gudstenestefeiring, diakonale tiltak i kyrkjelyden, vurdering av lokale samfunnsmessige utfordringar, og i samarbeid mellom kyrkja, lokale aktørar og samarbeidspartnarar.

4.Revisjon av mandatet.

4.1. Mandatet er fastsett i fellesmøtet mellom fellesrådet og sokneråda 25.10.16, og gjeld ut inneverande soknerådsperiode. Revisjon av mandatet vert gjort gjennom vedtak i fellesrådet.

Tilbake