Stille kveldar i Stedje kyrkje

Stille kveldar i Stedje kyrkje

Publisert: 01.10.2019
Oppdatert: 01.10.2019

Onsdag 2. oktober startar vi opp eit nytt tilbod i Stedje kyrkje - Stille kveldar.

I ei tid prega av travelheit og mange inntrykk ynskjer me å ha ein kveld med fokus på gamle bøner henta frå Bibelen og stillheit. Kjenner du at dette kan vere godt for deg er du velkommen til kyrkje kl 19.00.

Dette er samlingar som Astrid Bondevik og Stein Bondevik har teke initiativ til. Det vert samling ca ein gong pr mnd.

Foreløpige datoar:

  • 2. oktober
  • 6. november
  • 4. desember

Velkommen!