Sorggruppetilbod


Sorggruppetilbod


Det er planlagd oppstart av sorggruppe no i haust, dersom det meldar seg nok deltakarar (minimum 5 personar). Sorggruppa vert leia av Bente Karin Vatlestad (faglærar i helse-sosialfag), og Gitte Th. Torstad (soknediakon).

Livets gang kan vere vanskeleg når vi mistar nokon vi er glad i.

I nokre tilfelle er dødsfallet uventa, brått og tragisk, eller det er knytt andre vanskelege omstende til eit dødsfall i familien. Det kan vere vanskeleg å ta inn over seg det som hende. Omstende og tida før eit dødsfall kan gjere kvardagen utfordrande, sjølv i dei tilfelle der ein var noko førebudd. Når vi får møte andre som er i sorg, kjenner ein at ein ikkje er aleine, og at andre har mange av dei same tankane som ein sjølv. I ei sorggruppe vert ein møtt med forståing og støtte frå andre, og her ligg mykje av den hjelpa som ein søkjer håp og trøyst i. Langt på veg kjenner ein på eit fellesskap med dei andre i sorggruppa, og denne form for anerkjenning,er med å gi styrke og mot på vegen vidare.

I sorggruppa tek vi føre oss ulike tema som erfaringa syner kan vere nyttig å snakka om. Vi legg samtidig vekt på at gruppemøta skal vere gode samlingar med senka skuldre, stor takhøgde og med rom for både latter og gråt. Ingen deler meir med kvarandre enn ein sjølv ynskje. Gruppeleiar og gruppemedlemmane har teieplikt ovanfor kvarandre. Sorggruppa er eit tilbod til alle som kjenner at dei treng nokon andre å snakke med, utanom nær familie og vener. Kyrkja sitt diakonale arbeid fokuserer m.a på omsorg for menneske i ulike livsfasar og situasjonar. Samtalane i sorggruppa tek ikkje utgangspunkt i livssyn og tru, med mindre spørsmål om dette dukkar opp.

Sorggruppa vert leia av soknediakon Gitte Th.Torstad og lærar i helse-og oppvekstfag, Bente Karin Vatlestad. Sorggruppa held til på kyrkjekontoret i Sogndal, tysdagar mellom kl.18-20. Det vert om lag 10 samlingar og vi startar i haust (oktober eller november) når det er påmeldt minimum 5 deltakarar. Første samling er ikkje forpliktande på noko vis, du kan kome og høyre meir om tilbodet før du bestemmer deg om å delta vidare eller ikkje.

Ta gjerne kontakt med Gitte , tlf. 97416519, viss du har spørsmål.

Foto: Jarle Hagen / Den norske kirke

Tilbake