Basar til inntekt for Kyrkjelydshytta

Basar til inntekt for Kyrkjelydshytta

Publisert: 27.08.2019
Oppdatert: 28.08.2019

Onsdag 18. september kl. 18 inviterer vi deg til basar hjå Frelsesarmeen til inntekt for Kyrkjelydshytta. Vel møtt! 

Onsdag 18. september skipar styret for Kyrkjelydshytta på Nerestad, til basar i Frelsesarmeen sine lokaler. Dette har vi gjort nokre år no, og det er kjekke kvelder å vere med på - så merk deg datoen!

Samlinga starter kl. 18 og avsluttast innan kl. 21.00. Det vert fleire åresal gjennom kvelden, og hovudtrekning frå bøkene som er seld på førehand. Kl. 1930 vert det ei opphald med andakt og song. Bevertning av gode skiver og kaffi vert det òg heile kvelden.  

Ta gjerne med deg gevinstar som kan loddast ut, dette må vere ubrukte ting.

Inntekten av loddsalet går til arbeidet ved Kyrkjelydshytta; oppgradering og vedlikehald.

Vel møtt alle!

Foto: Karl Johan Ølnes