Konfirmantpåmelding 2020 Framleis open!!!

Konfirmantpåmelding 2020 Framleis open!!!

Publisert: 18.06.2019
Oppdatert: 08.08.2019

Velkommen til konfirmantar 2020!

Skal du melde på konfirmant til konfirmasjon i Sogndal eller Leikanger kommune, så har du komen rett. Påmelding skjer ved at du klikker på linken for ditt sokn, og fyller ut skjema. Er alt gjort rett, så vil det koma ein bekreftelse på epost til konfirmanten og foreldre.

Endeleg frist er sett til 6. august, men vi har opna påmeldinga for nokre dagar til. Har du problem med påmelding eller spørsmål, så ta kontakt med kyrkjekontoret.

Konfirmantpåmelding Stedje

Konfirmantpåmelding Leikanger

Konfirmantpåmelding Kaupanger

Konfirmantpåmelding Norum

Konfirmantpåmelding Fjærland

LItt informasjon om konfirmantåret:

Konfirmantåret inneheld 60 timar med undervisning, aktivitetar og samlingar konfirmanten skal gjennom. Deriblant åtte gudstenester, åtte ettermiddagssamlingar, øving til nokre av gudstenestene, konfirmantleir og aktivitetsgrupper. Med andre ord eit variert år. Torsdag 22. august kl 19.00 i Stedje kyrkje har vi Kickoff-samling med foreldre og konfirmantar. Det markerer starten på året og vi håper flest mogleg av foreldre og har moglegheit til å være med.

I løpet av juni vil  brosjyre med datoplan for konfirmantåret og litt meir informasjon vera sendt i posten. Vi tek og turen rundt på alle skular og informerer no i juni. All informasjon og datoar vert og lagt ut her på heimesida. 

 

Har de spørsmål rundt konfirmanttida, så ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 57679985 eller epost post@sogndal.kyrkja.no så skal vi svare så godt vi kan.

Beste helsing

ungdomsprest

Andreas Danbolt