4-årsbok og hausttakkefestar 2025


4-årsbok og hausttakkefestar 2025


Alle sokna har fireårsbokutdeling på hausttakkefestane. Stedje sokn har utdeling også på Sprell Levande om våren, der første halvdel av årskullet vert inviterte. 

I 2025 vert det utdeling på desse gudstenestene: 

  • Sprell Levande i Stedje kyrkje 2.3.kl.11:00. Les meir her om denne gudstenesta. 
    • Utdeling av fireårsbok for dei som er fødde fyrste halvår av 2021 frå Stedje sokn.
    • Utdeling av klistremerkebok om påska til dei som fyller 5 år i 2025 og bur i Stedje sokn. (Det er desse som får invitasjon i posten, men er du ikkje medlem eller bur i eit anna sokn, er du også hjarteleg velkomen).
  • Hausttakkefestar: 
    • Fjærland kyrkje: laurdag 20.9. kl. 11:00
    • Kaupanger stavkyrkje: søndag 21.9 kl. 17:00
    • Leikanger kyrkje: søndag 5.10. kl. 11:00 
    • Ølmheim kyrkje: søndag 28.9. kl. 11:00 
    • Stedje kyrkje: søndag 28.9. kl. 11:00. Stedje barnehage deltek med song. Invitasjon til fireåringar som er fødde juli-desember 2021, men alle er velkomne. Fekk du ikkje boka i mars, kan du få den no. 

 

Ved spørsmål: kontakt trusopplærar Birte Husum, 94798799, bh278@kyrkja.no

Tilbake