Sprell Levande gudsteneste i Stedje kyrkje


Søndag 3.mars kl. 11.00 er det Sprell Levande gudsteneste i Stedje kyrkje. Denne er felles for Stedje og Kaupanger sokn, og heile familien er hjarteleg velkomen. 4- og 5-åringar vert særleg inviterte, samt Småtrolltrall som me håpar kan syngje litt for/med oss. 

Ei Sprell Levande gudsteneste er ei gudsteneste med mykje liv. Me syng mange rørslesongar, og høyrer om Jesus på fleire måtar. Gudstenesta er ved prost Kjell Olav, prest Kathrine, kyrkjetenar Bente, kantor Arild og trusopplærar Birte, samt frivillige frå kyrkjelyden. 

 

4-ÅRSBOK

Sidan Stedje sokn er det største soknet med store kull, pleier me å dele 4-årskullet i to når me inviterer til fireårsbok. Det vil seie at fireåringar fødde frå januar til juni 2020 vert inviterte til å få bok på Sprell Levande 3.mars, medan resten av kullet vert inviterte til hausttakkefesten i oktober, då Stedje barnehage er med og syng. Fireåringane i Kaupanger får invitasjon til hausttakkefest i Kaupanger stavkyrkje i oktober. 

 

5-ÅRINGANE

Til Sprell Levande inviterer me femåringane særskilt til å få ei lita gåve i gudstenesta, noko som kan inspirere til å snakke om Jesus, tru og liv heime. Me inviterer inn femåringane frå begge sokna. Er du fem år no, men fekk ikkje fireårsboka i gudstenesta i fjor, er du hjarteleg velkomen til å få boka i år i staden. Meld gjerne frå til kyrkjekontoret på førehand, slik at me veit kor mange ekstra bøker me skal ta med. 

 

Tilrettelegging

Fireåringane som ikkje kan møte på gudstensta i mars, har høve til å kome att på hausttakkefesten og få boka då. Ellers kan ein også hente seg bok på kyrkjekontoret. Treng ein anna tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret eller trusopplærar Birte Husum. 

 

E-post: post@sogndal.kyrkja.no eller birte.husum@sogndal.kyrkja.no

Tlf: kyrkjekontoret: eller Birte 94798799

Tilbake