Forskrift om gravplassvedtekter, Sogndal kommune, Vestland fylke


Vedteken av Sogndal kyrkjelege fellesråd 19. januar 2022.
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 28. mars 2022. Gjeldande frå 4. april 2022.

Denne forskrifta erstattar frå denne datoen tidlegare "Vedtekter for gravplassane i Sogndal (forskrift)" som har vore gjeldande frå 1. januar 2020.

Foto: J. Risa

Jf. lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1), § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1).
Vedteken av Sogndal kyrkjelege fellesråd 19. januar 2022.
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 28. mars 2022. Gjeldande frå 4. april 2022.

Vedtektene kan lastast ned i pdf-format HER.

§ 1. FORVALTNING
Gravplassane i Sogndal kommune er underlagt Sogndal kyrkjelege fellesråd sitt mynde og administrasjonsområde.

§ 2. DEFINISJONAR
Gravplassmyndigheit: Sogndal kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltnings-ansvaret sitt for gravplassane i Sogndal kommune, jf. gravplasslova med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som det er inngått eller fornya festeavtale for, jf. gravplasslova § 14.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Ordinær urnegrav: Grav til oskeurne med plass til fire urner, jf. gravplassforskrifta § 14.
Urnegrav i minnelund: Grav til oskeurne i minnelund med plass til éi urne.
Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava tidlegast kan takast i bruk att til ny gravlegging.
Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale.
Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet har eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.

 § 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravplassforskrifta § 9 (2). Køyring kan eventuelt skje ved dokumentert sjukdom / forflyttingshemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.

§ 4. GRAVPLASSTILKNYTING
Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på kva som helst av gravplassane i kommunen, med unntak av Kvamsøy kyrkjegard som berre kan nyttast av personar med tilknyting. Avdøde personar i kommunen har rett til fri grav så framt grava blir tilvist av gravplassmyndigheita.

Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist av gravplassmyndigheita.

Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda blir betalt.

 § 5. FREDINGSTID
Gravplassar i Sogndal med fredingstid på 20 år for kistegraver og urnegraver (Stedje):

  • Leikanger kyrkjegard
  • Stedje kyrkjegard
  • Ølmheim kyrkjegard
  • Fjærland kyrkjegard
  • Kaupanger kyrkjegard
  • Kaupanger gravlund

Gravplassar i Sogndal med fredingstid på 30 år for kistegraver (gjeld også urner sett ned på kistegraver):

  • Husabø gravplass
  • Tjugum kyrkjegard
  • Sæle kyrkjegard
  • Kvamsøy kyrkjegard

Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.

§ 6. FESTE AV GRAV MED MEIR
Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassmyndigheita; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.

Ved bruk av ordinær urnegrav, sjå definisjon av "ordinær urnegrav" i § 2 Definisjonar, kan det ikkje bli festa ei grav ved sida av.

Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir teken i bruk, er festetida 20 år ved første gongs feste.
Når festetida/fredingstida er ute, kan grava/ gravstaden bli festa vidare for nye fem år.

I god tid før festetida er ute, skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden attende til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt attende dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan bli gravlagt i festa grav/gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjersle om gravlegging.

Festar pliktar å melde adresseendring.


§ 7. GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging, så snart årstid og vêr tillét dette.

Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje setjast opp tidlegare enn seks månader etter gravlegging av kiste.

Gravminne på urnegrav kan setjast opp med ein gong etter urnenedsetjing.

Medan ein ventar på permanent gravminne, kan grava merkast med ein kross eller anna merke med den døde sitt namn på.

På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er teken i bruk, og blir normalt ståande der. Festar kan på eige initiativ syte for at gravminnet vert sentrert mellom gravene etter neste gravlegging, og ber då kostanden med dette.

Festaren eller den som er ansvarleg for fri grav, er ansvarleg for eventuelle pynte-gjen-standar som er montert på gravminnet eller plassert t.d. i plantefeltet framfor gravminnet.

MERK: Det er særskilde krav til gravminna på Kaupanger gravlund:
Gravminnet skal vere av upolert naturstein: Det skal vere liggjande, og mest mogleg naturtru i utforming. Det skal maksimum ha 25 cm høgd og 75 cm breidd. Maksimum lengd på gravminnet kan ikkje vere lengre enn at gravminne og plantefelt til saman utgjer 90 cm. Det vert ikkje kravd fundament eller sokkel på desse liggjande gravminna. Gravminne skal ikkje vere utstyrt med lause eller fastmonterte lykter eller pyntegjenstandar.

§ 8. PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken omkring. Breidda på plantefeltet kan maksimalt vere likt breidda på gravminnet, med unntak av gravminne smalare enn 60 cm der breidda kan være opp til 60 cm. Lengda på plantefeltet kan være maksimum 60 cm målt frå bakkant av gravminnet.

Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.

Av omsyn til brannfare er det ikkje høve å pynte grava med faklar eller lys med open eld. Gravlykter skal vere festa i bakken.

Plantar og dekorgjenstandar må ikkje vere til hinder eller fare for drifta av gravplassane. Blomstervasar som vert plasserte på grava skal ikkje være laga av glas eller lett knuseleg materiale. Gravlys, lamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.

Det er berre høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman. Lause steinar må av tryggleiksomsyn ikkje nyttast som innramming av bedet.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale.

MERK: Det er særskilde krav til plantefelta på Kaupanger gravlund:
Her er det høve til å opparbeide plantefelt framføre dei liggande gravminna som går 90 cm fram, målt frå bakkant av gravminnet. Det er høve å plante planter som er høgare enn gravminnet, men plantene skal ikkje overstige 40 cm. Dersom ein ikkje ynskjer å opparbeide plantefelt, kan det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. Det er ikkje høve til å ramme inn plantefeltet med natursteinskant.

§ 9. PLANTEMATERIALE
Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbare.

§ 10. STELL AV GRAV
Kvar ansvarleg for fri grav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassmyndigheita.

Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.

Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjeleg fellesråd eller den som får løyve til det etter § 13, kan utføre planting og stell av grav, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet. Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.

§ 11. NAMNA MINNELUND
Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke. Minneplata kan ha namn på to personar.

Graver i namna minnelund kan bli festa etter at fredingstida går ut på lik linje med andre graver på gravplassen. Minneplata vert fjerna når grava ikkje vert festa lenger.

I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed mot betaling av festeavgift for 20 år . Dersom ein ikkje ynskjer namna på same minneplate, kan ein samstundes reservere plass til ei ny minneplate i tillegg. Dette gjeld også urnegrav, sjå definisjon av "urnegrav i minnelund" i § 2 Definisjonar.

Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir teken i bruk.

Avgift for bruk av namna minnelund dekker m.a. kostnader til minneplate samt planting og vedlikehald ved felles minnesmerke og blir betalt frå grava blir teken i bruk.

Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles planting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund.

Ved felles minnesmerke kan det berre setjast ned avskorne blomar og tennast gravlys i særskilde vasar og lykter sett opp av gravplassmyndigheita.

Barne- og familiedepartementet har gjeve dispensasjon etter gravplassforskrifta § 39 til namneflytting til namna minnelund. I namna minnelund er det høve til, etter søknad, å tilføye eitt ekstra namn på eksisterande namneplate, sjølv om vedkomande er gravlagd ein annan stad. Dette kan vere anten ektefelle, sambuar, barn eller forelder til den som er gravlagd på minnelunden. Namnet må då fjernast frå det opphavelege gravminnet.

§ 12. BÅREROM
Bårerom blir disponert av gravplassmyndigheita, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.

§ 13. NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er naudsynt for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

§ 15. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE
Gravplassmyndigheita kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravplasslov og gjeldande forskrifter fråvike §§ 6, 7, 8, 11 og 14 i vedtektene.
 

Tilbake