Kvardagstru


Tre onsdagar i haust kl. 19.00 - 20.30 arrangerer kyrkja i Sogndal ein serie med overskrifta Kvardagstru på Stedjetunet. 

I haust vil vi i Kvardagstru invitere til samarbeid mellom den ukrainsk-ortodokse kyrkja og kyrkja i Sogndal.

Kvardagstru er samlingar for møte mellom nettopp kvardag og tru. Vi håper mange vil finne det spennande, kjekt og verdifullt å bli med.

 

23. oktober:

Vel møtt til det første møte med våre ukrainske naboar!

Me møtest ved Stedje kyrkja kl 19.00 og fortset kvelden på Stedjetunet med kveldsmat og god prat.
 

Welcome to our first meeting with our Ukranian neighbours

We meet in Stedje Church at 7.00 pm and continue at Stedjetunet. We share supper and get to know each other, sing and talk together

 

Dato Leiar Tema
23. oktober   "Bli kjent"
6. november   Felles gudsteneste
4. desember   Juleførebuingar
     

 


Det er sett ned ein komité som i skrivande stund arbeider med å utforme gode samlingar med spennande og varierte tema.

Vi i komiteen håper samlingane skal gje rom for nye tankar, refleksjonar, sosialt samvær og noko å bite i, og ikkje minst at det skal være ein kjekk og meiningsfull møteplass for alle som tek turen.

Kvardagstru har vore arrangert tidlegare og, og mange som har vore med før håper vi kan kjenne at noko av det gamle, samstundes med at komiteen har klart å skape noko nytt og spennande.

Vi har spurt nokre i komiteen om deira tankar om kvardagstru.

«Eg håpar at kvardagstru-kveldane skal vere med på å styrke trua i kvardagen. Gjere trua meir berekraftig til å tåle alle slags dagar. Så håpar eg også at det vil vere ein møteplass med rom for å kome som ein er og at dei som kjem kjenner seg velkomne.»

Tone

- Jeg tror virkelig dette et tilbud som Sogndal trenger.

- Jeg for min del syns det kunne vært spennende å ha et tilbud hvor en kan få reflektere rundt tro og hverdag utenfor de mer tradisjonelle arenaene for kirken.

Øystein

«Eg håpar at Kvardagstru kan vere ein stad å møtast og skape eit fellesskap der vi deler tankar om trua vår i våre ulike kvardagar, kva som held oss fast i trua trass uro rundt oss og det som kan skape tvil.»

Anne Karin

Vi i komiteen gler oss og håpar dette kan vere ein plass mange har lyst til å vere, også som ein god sosial arena.

Hjarteleg velkommen!


Komiteen for Kvardagstru

Ann Karin Sandal
Marta Fimreite
Jostein Sandven
Gunnar Stundal
Astrid Bondevik