Informasjon


Orientering om vigsel

Start med å ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 57 67 99 85 eller post.sogndal@kyrkja.no for å sjekke aktuelle datoar.

Etter at dato er avtala, vil vi opne opp for elektronisk "påmelding" til denne vigselen på denne sida, med registrering av fullt namn, kontaktinformasjon forlovarar mm. Då kryssar du av for aktuell kyrkje og legg inn datoen som "frå dato" og få då opp den aktuelle vigselen og kan byrje påmelding. Du treng fullt fødselsnummer (11 siffer) og mobilnummer til ein av dykk ved påmelding.

Etter at registreringa er sendt inn og dato for vigsel er stadfesta av oss, kan de seinare gå til "Eg har ei tidlegare registrering", og oppdatere innhaldet. Bruk då same fødselsnummer og telefonnummer som ved første innlogging. For eksempel kan de registrere namn og kontakinformasjon no, og så kan de logge inn att seinare og legge inn forlovarar dersom det ikkje er avklara enno.

Ta kontakt med oss på post.sogndal@kyrkja.no dersom det er noko som ikkje fungerer eller de treng meir informasjon.

Data som er samla inn i samband med førespurnad og registrering av vigsel vert lagra og nytta av oss så lenge det er bruk for det i samsvar med
retningslinjer for kyrkjelege handlingar.