Ølmheim kyrkje


Ølmheim kyrkje er ei lys og ven kyrkje som ligg ved fjorden omgitt av mange frukthagar som blomstrar vakkert i mai.

Foto av Ølmheim kyrkje

Kyrkja står plassert med koret mot vest, av omsyn til adkostveg og for å spare dyrka mark. Det vanlege er at alle kyrkjer er bygt med koret mot aust. Dette er ei langkyrkje bygd i 1863 i tre med 230 plasser. Sogn prosti. Sogndal kommune. Vart redda frå brann då lynet slo ned i tårnet i 15 januar 1989.
Arkitekt: Løken, byggmester Ola Olson Løken Eid. 

Kjelder: (Kirkenorge.no, og På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane )

Inventar:

Altartavle:

Laga i 1703 av snikkar Michel Tarildsen. Kven som har måla biletet er ukjent.
Mykje utskoren altertavle. Med utskore krusifiks og utskorne figurar av Adam og Eva og englane. Krusifiks av Jesus på korset som hovudbilete. Inskripsjonar. Er måla i fargane grønt, raudt, svart og offwhite. I andre høgda er det måla med gylte bokstavar på svart bakgrunn skriftordet Joh 4.24 om "å tilbe Gud i ånd og sanning" og Matt 22,37-40, det doble kjærleiksbodet.

Rebekkakrukkene:

I Norum kyrkje er det to Rebekkakrukker. Krukkene vart produsert på Egersund Fayancefabrik og er av porselen. Dei vart brukte til altarvin og til dåpsvatn. Dei gjekk ut av produksjon, usikkert kor tid eller kvifor. Krukkene er oppattkalt etter den bibelske personen Rebekka som var kona til Isak, son til Abraham.
Kjelde: Sogn og Fjordane Fylkesarkiv.

Tidlegare kyrkjer:

  1. Stavkyrkje på Ylmheim (Ølmheim) truleg reist på 1200-talet, først nemnt kring 1300. Kortilbygg av tømmer før 1686. Brann år 1700 eller 1701.
  2. Lita korskyrkje av tømmer nedanfor vegen for noverande kyrkje, bygd 1703, riven 1863.

Byggjeår: 1863
Vigslingsår: 1863
Byggningstype: Langkirke i nygotisk stil.
Byggmeister: Ola Olson Løken Eid.
Arkitekt: Chr. H. Grosch.
Tal sitjeplassar: 230.

Tilbake