Invitasjon til sorggruppe


Kyrkja i Sogndal inviterer deg som har mista nokon i din nære familie til Sorggruppe på Stedjetunet.

Livet kan møta oss med både gode og vonde dagar. Noko av det som er mest vanskeleg, er når ein av våre næraste døyr.

Du som vert invitert har mista ein i din nære familie, og sorga og saknet du opplever, kan vere vanskeleg å vere åleine med.

 

 

Vi veit frå erfaring at det kan vere godt å kome saman med andre som har opplevd noko liknande som ein sjølv. Kvar einskild si historie er unik. Å snakka saman, fortelje historia si, dele tankar og utveksle erfaringar, kan vere til hjelp for både deg sjølv og dei andre. I gruppa kan ein oppleve anerkjenning, forståing og støtte hjå kvarandre.

Greit å vite om sorggruppe:

  • Mellom 5-8 deltakarar.
  • Alle i gruppa har teieplikt ovanfor kvarandre. Det som vert delt av personlege historier, skal bli i gruppa.
  • Gruppa samlast ca. annan kvar veke, 10 -12 gonger i løpet av vinteren og våren. Vi snakkar fyrste gong om kva tidspunkt som passar best for alle.
  • På samlingane vil vi fokusere på tema som ein veit av erfaring det kan vere godt å snakke om.
  • Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn, men det er sjølvsagt opent for å dele tankar og spørsmål om tru og tvil.
  • Å delta i sorggruppa er gratis.
  • Så langt råd er, er det ein fordel for den einskilde og for gruppa at ein prioriterer å kome til samlingane.
  • Ei stund etter du har motteke dette brevet vil vi ta kontakt med deg på telefon.

Med beste helsing gruppeleiarane

Gitte Therkelsen Torstad
Soknediakon

Bente Karin Vatlestad
Sjukepleiar, lærar i Helse og oppvekst

 

Tilbake