HØYRING om nye lokale gravplassvedtekter i Sogndal


Framlegg til "Forskrift om gravplassvedtekter, Sogndal kommune" er 04.12.2021 lagt ut til offentleg høyring med høyringsfrist 04.01.2022. 

 

HØYRINGSDOKUMENTA (pdf-format):

Sogndal kyrkjelege fellesråd er lokal gravplassmyndigheit i Sogndal kommune.
I samband med utvidinga av Stedje kyrkjegard og pågåande etablering av Namna minnelund, må dei lokale gravplassvedtektene reviderast. Det vart då gjennomført ein full gjennomgang og Sogndal kyrkjelege fellesråd vedtok framlegg til nye gravplassvedtekter 29.11.2021. Sidan desse vedtektene vert rekna som offentleg forskrift, skal framlegget etter forvaltningslova §37 leggast ut på offentleg høyring slik at til dømes innbyggarar og interessegrupper i kommunen kan uttale seg før endeleg vedtak vert gjort. Alle som har interesse av det kan gje fråsegn til fellesrådet, både enkeltpersonar og grupper. 

Du kan få utskrift av dokumenta ved å vende deg til kyrkjekontoret i Sogndal eller i Balestrand. Om du skulle ha spørsmål er du også velkomen til å kontakte kyrkjekontoret (kontaktinformasjon nede på sida).

Høyringssvar sendast til

Sogndal kyrkjelege fellesråd
Postboks 180
6851 SOGNDAL
 
eller via e-post (klikk på lenkje nede på sida).


 

Tilbake