Velkommen til kyrkje utan restriksjonar!


Frå søndag 26. september treng du ikkje lenger halde meteren ved gudstenester eller andre samlingar. Kravet om å halde ein meters avstand vert oppheva frå og med laurdag 25.9 klokka 16.

 

Regjeringa kunngjorde opphevinga av einmetersregelen ved ein pressekonferanse fredag 24.9 som ein del av regjeringa sitt gjenopningstrinn «Ein normal kvardag med auka beredskap». Dette har vi gledd oss til!

I praksis tyder det at vi no kan bruke alle kyrkjebenkene som vanleg og går bort frå kravet om berre annankvar benk. Dette gjeld då ved alle tenester og arrangement i kyrkja; gudstenester, gravferd, vigsler, konsertar osb.

Returen til ein meir normal kvardag - og helg - inneber også at ordninga med registrering av frammøtte (for smittesporing) vert avvikla i alle kyrkjene våre. Du kan dermed kome direkte i kyrkja og setje deg i den benken du har lyst til!

Som før vil vi passe på god handhygiene og hosting i lommetørkle/albogekroken. Alle verksemder vert framleis oppmoda om å oppretthalde gode smitteverntiltak, og vi vil framleis gje tilgang til handsprit og vere påpasselege ved utdeling av nattverd.

Personar som får nyoppståtte luftvegssymptom (feber, hoste, sår hals, tap av lukte- og smakssans, nedsett allmenntilstand) vert framleis rådde til å halde seg heime.

Vel møtt i kyrkja!

Tilbake