Småtrolltrall på Stedjetunet (1-3 år)


Når det vert mørkare om kveldane, kjøligare dagar med regn og vind, då er det fint å kunne samlast til song, regler og leik. 1-3-åringane er hjarteleg velkomne til det populære trusopplæringstiltaket "Småtrolltrall" på Stedjetunet, hausten 2022. 

 

Me syng og har det kjekt ilag. Kvar samling leitar me etter Krølle, det vesle lammet som har kome bort. Etterpå vert det saft, kaffi og kjeks. Dette kan vere fint for både foreldre, besteforeldre, tante, onkel, fadder, søsken eller andre kjende å følgje med barna på. Det er Ingunn Stokstad og underteikna som leier samlingane. 

I haust har me sett opp 6 torsdagar kl. 17.15 - 18.15 for samling: 

  • 01.09.
  • 22.09.
  • 13.10.
  • 03.11.
  • 17.11.
  • 08.12.

Heile familien er velkomen! Dei som er 1-3 år vert registrerte i "manntalet".

 

 

 

Håpar me sjåast!

 

Helsing Birte Husum, trusopplæringsleiar. 

Telefon: 94798799

Tilbake