10-årsdagen for 22. juli i Sogndal


Klokkeringing og opa kyrkje markerer 10-årsdagen for 22. juli i kyrkjene i Sogndal.

 

Torsdag 22. juli er det 10 år sidan landet vart råka av det grufulle terrorangrepet på regjeringskvartalet og Utøya. Denne dagen vert markert av kyrkja i heile landet.

I Sogndal vert det ringt med kyrkjeklokkene frå St. Olav, Tjugum, Stedje og Fjærland kyrkjer frå klokka 12:00 til 12:05. Dette er ein del av ei felles nasjonal markering med klokkeringing til same tidspunkt i kyrkjer over heile landet.

I tillegg held me Stedje kyrkje open frå 15:00 til 16:00 denne dagen. Då vil det vere høve for lystenning, bøn og stille i kyrkjerommet. Det vil også vere prest til stades, om nokon ynskjer samtale.

Tilbake