Referat frå møte i Sogndal kyrkjelege fellesråd 27. januar 2021
Sakliste:
- Sak 001/21 Revidert driftsbudsjett 2021
- Sak 002/21 Investeringsbudsjett 2021
- Sak 003/21 Oppfylling og omregulering Tjugum kyrkjegard (gamle felt)
- Sak 004/21 Kaupanger kyrkjegard - hjortegjerde
- Sak 005/21 Søknad om tenestekjøp på "tilsyn" og "dagleg leiing" av Stedjetunet
- Sak 006/21 Høyring - Strategiplan for KA 2021-2025
- Sak 007/21 Skriv og meldingar 27.01.2021
Møtedato: |
27.01.2021 |
Møtetid: |
Kl. 13:30 - 16:00 |
Møtestad: |
Kyrkjekontoret på Stedjetunet |
Til stades:
Per Hilleren, Helge Ulvestad, Magne Ahlin, Frode Bøthun, Berit C. Orheim, Vegard Bondevik Lie, Jorunn Merete Haukås-Eide.
Meldt forfall:
Jon Erling Oppedal, May Kristel Bødal.
Vegard Bondevik Lie opna møtet med ord for dagen.
Saker
Sak 001/21 Revidert driftsbudsjett 2021
Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd vedtek det framlagde reviderte driftsbudsjettet for 2021 på kontogruppenivå, datert 19.01.21.
Sak 002/21 Investeringsbudsjett 2021
Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd vedtek framlegg til investeringsbudsjett, dat. 18.01.2021
Sak 003/21 Oppfylling og omregulering Tjugum kyrkjegard (gamle felt)
Vedtak:
- Fellesrådet tek orientering om oppfyllinga av felt G og I på Tjugum kyrkjegard til vitande og bed administrasjonen arbeide vidare med framdriftsplan.
- Fellesrådet tek med som innspel til vidare arbeid med økonomiplanen at noverande avsette summar i økonomiplanen aukast frå 300.000 til 850.000 i 2023, slik at totalkostnaden vert 1 million.
- Rådet vurderer ut frå nye opplysningar om problemområda på Tjugum kyrkjegard at det ikkje er aktuelt med kalking av graver i Balestrand og takkar difor nei til tilbod om besøk med informasjon frå Franzefoss Minerals.
Sak 004/21 Kaupanger kyrkjegard - hjortegjerde
Vedtak: Fellesrådet vil søkje om løyve til oppsetting av gjerde rundt gravplassane på Kaupanger for å hindre tilkomst for hjort på gravplassane.
Sak 005/21 Søknad om tenestekjøp på "tilsyn" og "dagleg leiing" av Stedjetunet
Vedtak: Fellesrådet stiller seg positive til søknaden frå Stiftinga Stedjetunet om tenestekjøp, og gir administrasjonen fullmakt til å inngå ein skriftleg avtale med stiftinga på dette.
Sak 006/21 Høyring - Strategiplan for KA 2021-2025
Vedtak: Fellesrådet går inn for framlegget til høyringssvar på strategiplanen for KA for perioden 2021-2025 og ber administrasjonen sende inn høyringssvaret innan fristen 1. februar.
Sak 007/21 Skriv og meldingar 27.01.2021
Vedtak: Fellesrådet tek skriva og meldingane til vitande.
For Sogndal kyrkjelege fellesråd
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal
Dokument
Referat (PDF, 107kb. Opnar i nytt vindu)