Referat 21.04.2021 - Fellesrådet


Referat frå møte i Sogndal kyrkjelege fellesråd 21. april 2021

Sakliste:

  • Sak 008/21 Synfaring Ølmheim kyrkje og kyrkjegard
  • Sak 009/21 Årsrekneskap 2020
  • Sak 010/21 Godkjenning av Årsrapport 2020 frå Sogndal kyrkjelege fellesråd
  • Sak 011/21 Ekstraordinær tilbakeføring frå KLP til kundane
  • Sak 012/21 Budsjettendringar 2021
  • Sak 013/21 Sogndal kyrkjelydsblad - vurdering av tilbod på trykking mm
Møtedato: 21.04.2021
Møtetid: Kl. 13:30
Møtestad: Slinde, Møterom hjå Magne Ahlin (Etter synfaring på Ølmheim)

Til stades:

Helge Ulvestad (nestleiar, Balestrand), Jon Erling Oppedal (Leikanger), Magne Ahlin (Norum), May Kristel Bødal (Kaupanger), Sverre Tufte Mundal (vara Fjærland), Vegard Bondevik Lie (geistleg medlem). Frå administrasjonen møtte: Jorunn Merete Haukås-Eide (kyrkjeverje), Jostein Risa (rådgjevar/fungerande kyrkjeverje), Magny Ugulsvik Bukholm (rådgjevar)
 

Forfall:

Per Hilleren (leiar, Stedje), Berit C. Orheim (Fjærland), Frode Bøthun (komm. repr).
 

Saker

Meldingssaker

  • Sak 000001 Møtedatoar og møtestader for fellesrådet våren 2021
  • Sak 000002 Status for sprinkleranlegg i Leikanger kyrkje
  • Sak 000003 Status for søknad om hjortegjerde rundt Kaupanger kyrkjegard
  • Sak 000005 Ny parkeringsplass på Ølmheim må reduserast - ligg for nær mellomaldergravplassen
  • Sak 000006 Spørsmål om attgraving av graver
  • Sak 000007 Tjugum kyrkje og kyrkjegard er no heimelsført på Balestrand sokn
  • Sak 000008 Kyrkjelydsbladet for Sogndal - spørsmål frå Balestrand bygdalag
  • Sak 000009 Sjukemeld kyrkjetenar
  • Sak 000010 Samhandling og arbeidsmiljø - neste stabsdag er fredag 30. april
  • Sak 000011 Regjeringa lyser ut ekstra midlar til steinkyrkjer frå mellomalderen
  • Sak 000012 Ny smittevernrettleiar i kyrkja pr.15. april 2021
  • Sak 000013 Referat frå sokneråda

Vedtakssaker

Sak 008/21 Synfaring Ølmheim kyrkje og kyrkjegard

Vedtak:

  1. Fellesrådet tek synfaringa på Ølmheim og informasjonen som kom fram der, med inn i vidare budsjettarbeid.
  2. Fellesrådet er nøgde med å få ein ny parkeringsplass ved Ølmheim kyrkje, men ber administrasjonen ha tett dialog med Sogndal kommune for å få behalde han slik han er, utan store endringar.

 

Sak 009/21 Årsrekneskap 2020

Vedtak:

  1. Sogndal kyrkjelege fellesråd godkjenner den framlagde årsrekneskapen for 2020 med eit mindreforbruk i driftsrekneskapen på kr.631.286,-. Det er ikkje udekka meirforbruk frå tidlegare år.
  2. Mindreforbruket, kr.631.286, blir overført til disposisjonsfond 55600000.
  3. Investeringsrekneskapen for 2020 syner udekka finansiering på kr. 8.667. Dette blir dekka inn av disposisjonsfond 55600000.

 

Sak 010/21 Godkjenning av Årsrapport 2020 frå Stedje kyrkjelege fellesråd

Vedtak: Den framlagde "Årsrapport 2020 for Sogndal kyrkjelege fellesråd" vert vedteken slik han ligge føre.
 

Sak 011/21 Ekstraordinær tilbakeføring frå KLP til kundane

Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd ber om å få saka attende i mai-møtet med oversyn over totale pensjonskostnader per år og eit estimat av kva AFP og særaldersgrenser vil gje av meirkostnader komande år.
 

Sak 012/21 Budsjettendringar 2021

Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd tek framlegg om budsjettendringar til orientering, men kjem tilbake til endeleg vedtak om budsjettendringar på eit seinare møte.
 

Sak 013/21 Sogndal kyrkjelydsblad - vurdering av tilbod på trykking mm

Vedtak:

  1. Sogndal kyrkjelege fellesråd viser til innkomne tilbod og vel Ingvald Husabø Prenteverk AS (Leikanger) som leverandør ved oppsett og trykk av Sogndal kyrkjelydsblad frå og med haustnummeret i 2021.
  2. Framlegget til årlege bladpengar vi bed om ved utsending av giro, vert halde uforandra på 300 kr for dei som bur i kommunen og 400 for utanbygds abonnentar.
  3. Redaktøren får fullmakt til å justere annonseprisane i samråd med administrasjonen.

 

For Sogndal kyrkjelege fellesråd
Jostein Risa
Rådgjevar IKT og gravplass / fungerande kyrkjeverje

Dokument

Referat (PDF, 99,7kb. Opnar i nytt vindu)

Tilbake