Gravferdslova §1 understrekar at gravlegging skal skje med respekt for den avdøde sin religion eller livssyn. Dette tyder at alle har krav på likeverdig handsaming, uavhengig av kva for trus- eller livssynsamfunn dei høyrer til.
De fleste av dei offentlege gravplassene vert forvalta av Den norske kyrkja ved kyrkjeleg fellesråd i den enkelte kommunen. Som offentleg gravplassmyndigheit tilibyr kyrkjeleg fellesråd eit likeverdig tilbod av tenester til alle innbyggarar: Kistegravlegging, kremasjon og andre tilhøve ved gravplassen (urnenedsetjing, gravminne, gravstell, gravregister, feste av graver osb).
Kyrkjeleg ansvar for gravplassforvaltninga er hovedmodellen i Noreg, men gravferdslova opnar også for at kommunen kan ta over dette ansvaret for fellesrådet. Det er kommunal gravplassforvaltning i kommunane Bærum, Sandefjord, Modum, Vennesla og Gjesdal.