Val av musikk og salmar


Under vigsla syng vi fleire salmar saman, og mange har også ynskje om musikkinnslag som kan vere med å setje preg på feiringa.

Illustrasjonsfoto av hender som speler piano

Når det gjeld salmar, musikkinnslag og musikk til inngong og utgong (bruremarsjane) så skjer utvelginga av dette i samarbeid med organisten som skal spele under vigsla. 

Dette er noko som er naturleg å drøfte under vigselsamtalen, men om de alt no veit at de har bestemte ynskje, er det berre å ta kontakt med kantor/organist eller prest. Kontaktinformasjon finn du her.

Mange vel å lage eigne sangark med personleg preg til stunda i kyrkja, men i alle kyrkjene er det også salmebøker som kan nyttast i staden dersom de ynskjer det.

Tilbake