Ledig kyrkjetenarstilling i Leikanger og Ølmheim - vikariat


Ledig vikariat - kyrkjetenarstilling i Leikanger og Ølmheim frå 01.08.2021.

Forlenga søknadsfrist til 30. juli 2021

 

Sogndal kyrkjekontor er ein aktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette. Til saman utgjer staben 15 fellesrådstilsette, 5 prestar og 1 prost.

Det er ledig 60% stilling som vikar for KYRKJETENAR  frå 01.08.2021 til 31.03.2022, med moglegheit for forlenging.

Stillinga har Sogndal kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og vil ha hovudarbeidsstad ved Leikanger og Ølmheim kyrkjer, men med kontorstad på Sogndal kyrkjekontor; Stedjetunet.

Kyrkjetenaren vil få arbeidsoppgåver i samband med den praktiske drifta av kyrkja. Stillinga inneber ein del helge- og høgtidsarbeid, deltaking ved kyrkjelege handlingar, reinhald, noko enklare vedlikehald, tilsyn o.l.

Me ynskjer allsidige søkjarar som kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha evne til samarbeid.

Me kan tilby:

  • Løn etter tariff og kvalifikasjonar
  • Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

Det vert kravd medlemskap i Den norske kyrkja. Søkjar må disponere eigen bil. Køyregodtgjersle i samsvar med gjeldande regulativ. Kvelds- og helge- og høgtidsarbeid må reknast med. Ved tilsetjing vil også personlege eigenskapar som evne til samarbeid, organisering og kommunikasjon bli vurdert.

Nærmare informasjon får du ved å vende deg til Sogndal kyrkjekontor
v/ kyrkjeverje; tlf. 57 67 99 85.

Ny søknadsfrist er 30.07.2021

Skriftleg søknad skal sendast til:
kyrkjeverje@sogndal.kyrkja.no

eller:

Sogndal kyrkjelege fellesråd
v/ administrasjonsutvalet
Postboks 180
6851  SOGNDAL

Tilbake