Siste kveldsbøn i St. Olafs kyrkje 18.juli


i mai, juni og juli 2021 har det vore kveldsbøn kvar tysdag, torsdag og sundag i St. Olafs kyrkje i Balestrand. Sundag 18. juli kl.20.30 var siste samling sommaren 2021 ved Senior Chaplain Joanna Udal.

 

I perioden 8. - 18. juli var det kveldsbøn på engelsk ved Senior Chaplain Joanna Udal frå den anglikanske kyrkja i Norge kvar tysdag, torsdag og sundag kveld. Søndagane 11. og 18. juli var det også Communion Service kl.10.00. Resten av sommaren er det på grunn av koronasituasjonen ikkje anglikanske prestar i Balestrand. Balestrand sokneråd og Vener av St Olafs kyrkje hadde enkle samlingar på norsk tre dagar i veka frå mai og fram til 6. juli. No er dette tilbodet altså avslutta for i år.

Tilbake