Kveldsbøn i St. Olafs kyrkje tre dagar i veka


i mai, juni og juli 2021 vert det kveldsbøn på norsk kvar tysdag, torsdag og sundag kl.20.30 i St. Olafs kyrkje i Balestrand:

 

Fyrste del av sommaren 2021 vert det ikkje gudstenester på engelsk i "engelskkyrkja" slik det vanlegvis er. Balestrand sokneråd og Vener av St Olafs kyrkje innbyd i staden til ei enkel samling på norsk kvar tysdag, torsdag og sundag kveld. Vi startar kl 20.30, og samlinga varer under ein halv time. Kvar kveld les vi eit kapittel frå Markus-evangeliet. Vel møtt til både fastbuande og besøkande!

Tilbake