Babysong hausten 2022


Vel møtt til babysong, alle foreldre som er heime med barnet i permisjon! Besteforeldre må også gjerne ta turen! På grunn av serveringa ynskjer vi gjerne påmelding, men alle er velkomne!. 

 

(Foto: Bo Mathisen)

 

Babysong er eit populært tilbod i trusopplæringa, og er ope for alle foreldre (evnt. besteforeldre) og born i alderen 0 og fram til første bursdagen. De bestemmer sjølve når de er klare for å kome. Me har hatt babyar innom som har vore 3 veker gamle og søv gjennom heile samlinga, og me har aktive barn som nærmar seg året. Alle er hjarteleg velkomne, og me ynskjer å leggje tilrette for at kvar og ein skal kjenne seg heime slik dei er. Ta også kontakt om de har særskilte behov og treng tilrettelegging.

Samlingane startar kl. 11.00 med songstund og avsluttar med lunsj, der me et og pratar fram til ca.kl. 12.30. Vel møtt :) 

 

Hausten 2022 møtast me desse datoane  

Sogndal: Stedjetunet. Onsdagar 

 

  • 24.august
  •   7.september
  • 21.september 
  •   OBS: IKKJE SAMLING VEKE 40.
  • 19.oktober
  •   2.november
  • 16.november
  • 30.november: Juleavslutning. 
  •  

Kaupanger (bedehuset). Onsdagar

 

  •  31.august
  •  14.september
  •  28.september
  •  12.oktober
  • 26.oktober
  •   9.november
  • 23.november

Leikanger (Kyrkjelydshuset). Torsdagar

 

  • 25.august
  • 8.oktober
  • 22.september
  • 6.oktober
  • 20.oktober
  • 3.november
  • 17.november
  • 1.desember
 

Følg Trusopplæring - kyrkja i Sogndal på Facebook

Bli med i den private Facebooksida til Babysang i Sogndal kor me prøver å oppdatere informasjon jamnleg og held kontakten med kvarandre. 

 

Lunsjen varierer litt frå stad til stad, med noko brødmat og pålegg ein kan smørje sjølve. VIPPS kr. 30:  

  • Stedjetunet: #72198 (Babysong Sogndal kyrkjelege fellesråd)
  • Leikanger: #136868 (Leikanger sokneråd)
  • Kaupanger: #106852 (Kaupanger sokneråd)

Grunna berekning av mat, er det fint om deltakarane kan melde seg på: Påmelding på denne lenka. Om de plutseleg kjem på at de vil på babysong, men har gløymt å melde dykk på, er de likevel hjarteleg velkomne. 

Bilete frå babysong på Anestølen 20.

Foto Birte Husum. 

Håpar å sjå deg og din baby snart! 

 

Helsing Birte, tlf. 947 98 799, e-post: birte.husum@sogndal.kyrkja.no

Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. 

Tilbake