Babysong hausten 2021


Vel møtt til babysong, alle foreldre som er heime med barnet i permisjon! Det er framleis einmetersregel som gjeld, men me har gode lokale med plass til mange, så det er berre å møte opp. 

 

Babysong er eit populært tilbod i trusopplæringa, og er ope for alle foreldre og born i alderen 0 og fram til første bursdagen (ikkje absolutt. Om me har plass, er eittåringen også velkomen!). Samlingane startar kl. 11.00 med songstund og avsluttar med lunsj. Grunna smittevern ber me alle ta med seg nistepakke sjølve. Me plar vera ferdige ca.kl. 12.30. Vel møtt :) 

 

Hausten 2021 møtast me desse datoane

NB! Det er ikkje babysong i veke 41 (haustferien). 

 

Sogndal: Stedjetunet. Onsdagar

 

25. august
  8. september
22. september
  6. oktober
27. oktober

10. november: sesongavslutning

 

Kaupanger (bedehuset). Onsdagar

 

  1. september
15. september
29. september
20. oktober
  3. november
 
 

Leikanger (Kyrkjelydshuset). Torsdagar

 

26. august
  9. september
23. september
  7. oktober
28. oktober
11. november: sesongavslutning
 
 
 

Følg Trusopplæring - kyrkja i Sogndal på Facebook

Bli med i den private Facebooksida til Babysang i Sogndal kor me prøver å oppdatere informasjon jamnleg og held kontakten med kvarandre. 

 

Me har ekstra fokus på hygiene, etter gjeldande retningsliner. Me desinfiserer mattene babyane ligg på, og vaskar alle berøringsflater. 

Ta med dykk:

  • Nistemat
  • Eigne leiker til babyar
  • Liggjeunderlag/teppe/matte babyen kan liggja på, om de ynskjer det. (me har begrensa med matter)

Me byr på kaffi/te og vatn. 

Grunna avstandsreglar kan ikkje medhjelparar passe/halde babyar slik som før. Heldigvis når smil og gode ord lenger enn ein meter. Me unngår felles bruk av gjenstandar, og kjem ikkje til å sende rundt instrument o.l. 

Den frivillege påmeldinga gjer det lettare å registrere alle som kjem: Send namn på baby, forelder og telefonnummer til leiar i trusopplæringa, Birte Husum på telefon 947 98 799 eller e-post birte@sogndal.kyrkja.no.

Håpar å sjå deg og din baby snart! 

 

Helsing Birte

Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. 

Tilbake