Babysong hausten 2020


Vel møtt til babysong, alle foreldre som er heime med barnet i permisjon!

 

Babysong er eit populært tilbod i trusopplæringa, og er opent for alle foreldre og born i alderen 0-1 år. Samlingane startar kl. 11.00 med songstund og avsluttar med lunsj. I haust ber me alle ta med seg nistepakke sjølve. Me plar vera ferdige ca.kl. 12.30. Vel møtt :) 

 

Hausten 2020 møtast me desse datoane

NB! Det er ikkje babysong i veke 41 og 42. 

Sogndal: Song i Stedje kyrkje kl 11. Lunsj i Stedje kapell ca 11.30. 

MAKSIMUM: 11 babyar med ein føresett kvar. 

26. august
02. september
09. september
16. september
23. september
30. september

Kaupanger (bedehuset)

MAKSIMUM: 13 babyar med ein føresett kvar

21. oktober
28. oktober
04. november
11. november

Leikanger (Kyrkjelydshuset)

MAKSIMUM: 13 babyar med ein føresett kvar. 

 27. august
03. september
17.september
1. oktober
22.oktober
5.november
 

Følg Trusopplæring - kyrkja i Sogndal på Facebook

 

Me har ekstra fokus på hygiene, etter gjeldande retningsliner. Me desinfiserer mattene babyane ligg på, og vaskar alle berøringsflater. 

Ta med dykk:

  • Nistemat
  • Eigne leiker til babyar
  • Evnt eit teppe babyen kan liggja på, om de ynskjer det. 

Me byr på kaffi/te og vatn. 

Grunna avstandsreglar kan ikkje medhjelparar passe/halde babyar slik som før. Heldigvis når smil og gode ord lenger enn ein meter. Me unngår felles bruk av gjenstandar, og kjem ikkje til å sende rundt instrument o.l. Det vil nok verte nokre endringar i repertoaret også på grunn av dette, men det kan jo vere positivt. 

Då det er nøye utrekna kor mange som kan få plass i dei ulike lokala med ein meters avstand, har me sett ei maksimumgrense på kor mange me kan ha med (sjå oversikta over). 

Sidan kapellet i Stedje har relativt liten plass, nyttar me kyrkja til songstund i tida før haustferien, då kulda set inn. Etter songstunda flyttar me oss til Stedje kapell for kaffi/te og nistemat. Me ser fram til å kunne bruke lokala i det nye Stedjetunet på nyåret 2021. Seinhaustes i år vert det babysong på Kaupanger bedehus. På Leikanger vert kyrkjelydshuset brukt som tidlegare, men med gjeldande smitteverntiltak

 

Har de spørsmål, ta gjerne kontakt med leiar i trusopplæringa, Birte Husum på telefon 947 98 799 eller e-post birte@sogndal.kyrkja.no.

 

Tilbake