Vel møtt til babysong, alle foreldre som er heime med barnet i permisjon! Besteforeldre og oldeforeldre må også gjerne ta turen!
(Foto: Bo Mathisen)
Babysong er eit populært tilbod i trusopplæringa til Kyrkja i Sogndal, og er ope for alle føresette med born i alderen 0 og fram til første bursdagen. Ein treng ikkje vere medlem i kyrkja for å vere med på babysong. De bestemmer sjølve når de er klare for å kome. Me har hatt babyar innom som har vore 3 veker gamle og søv gjennom heile samlinga, og me har aktive barn som nærmar seg (og til og med rundar) det første året. Nokre er heime i permisjon etter at barnet har fylt år, og dei må gjerne halde fram på babysong om det høver. Alle er hjarteleg velkomne, og me ynskjer å leggje tilrette for at kvar og ein skal kjenne seg heime slik dei er. Ta også kontakt om de har særskilte behov og treng tilrettelegging.
Samlingane startar kl. 11.00 med songstund og avsluttar med lunsj, der me et og pratar fram til ca.kl. 12.30. Vel møtt :)
Vinter/vår 2023 møtast me desse datoane:
Sogndal: Stedjetunet. Onsdagar
|
- 1.februar
- 22.februar
- 1.mars (OBS! To onsdagar etter kvarandre)
- 15.mars
- 29.mars
- PÅSKE
- 12.april
- 26.april
- 10.mai
- Sommaravslutningsdato kjem
|
Kaupanger (bedehuset). Onsdagar
|
- 25.januar
- 8.februar
- 15.februar (OBS! 2 onsdagar på rad!)
- 8.mars
- 22.mars
- 19.april
- 3.mai
|
Leikanger (Kyrkjelydshuset). Torsdagar
|
- 2.februar
- 16.februar
- 2.mars
- 16.mars
- 30.mars
- 13.april
- 27.april
- 11.mai
|
Følg Trusopplæring - kyrkja i Sogndal på Facebook (opnar i nytt vindu)
Bli med i den private Facebooksida til Babysang i Sogndal (opnar i nytt vindu) kor me prøver å oppdatere informasjon jamnleg og held kontakten med kvarandre.
Lunsjen varierer litt frå stad til stad, med noko brødmat og pålegg ein kan smørje sjølve. VIPPS kr. 30,-

Bilete frå babysong på Anestølen. Foto: Birte Husum
- Stedjetunet: #72198 (Babysong Sogndal kyrkjelege fellesråd)
- Leikanger: #136868 (Leikanger sokneråd)
- Kaupanger: #106852 (Kaupanger sokneråd)
Har du lyst til å lære deg nokre av melodiane og songane? Dei fleste finn du i denne spelelista på Spotify
Mange av songane syng me på nynorsk på babysong, sjølv om dei er med bokmålstekst i denne lista.
Håpar å sjå deg og din baby snart!
Beste helsing
Birte Husum
Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
birte.husum@sogndal.kyrkja.no | Tlf: 94798799 (klikk for å ringe)