Sorgseminar på Stedjetunet tysdag 11.mai


"Me snakkast om sorga" - føredrag og samtale om sorgreaksjonar - tysdag 11. mai kl. 17-19.

 

Påmelding til sorgseminar

Psykolog Olfert Øvrebø vil snakke om korleis sorga høyrer til livet, korleis den påverkar oss og kva vi kan gjere for å handtere vanskelege følelsar. Vi kjem inn på fleire aspekt ved sorga; vanlege sorgreaksjonar, kroppslege reaksjonar, ritual og tru, psykisk helse og moglege tabu.

Sorgseminaret vil vere aktuelt for både dei som sjølv har opplevd sorg, og for dei som gjennom sitt arbeid møter menneske, anten i helse-omsorgsarbeid, behandling eller terapi.

  • Grunna smittevern er det begrensa antal plassar til 50 personar på seminaret.
  • Vi treng påmelding på førehand, med namn og tlf.nummer: Påmelding til sorgseminar
  • Alle som deltek vil få tilvist plass.
  • Det vert servert noko lett å bite i.

Venleg helsing

Gitte Th. Torstad (soknediakon)
Olfert Øvrebø (psykolog)
Kathrine Valle (sokneprest)

Tilbake