Påmelding til gudstenester til helga


20. juni: Fjærland kyrkje, Kaupanger stavkyrkje og Stølsberg (friluft, Balestrand)

 

Lenkjer til påmeldingsskjema:

20. juni, 4. søndag i treeiningstida

PÅMELDINGSSKJEMA til gudsteneste i KAUPANGER kyrkje 20. juni kl. 11.00 ved diakon Gitte Therkelsen Torstad og prestevikar Helge Torstad. Dåp. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

PÅMELDINGSSKJEMA til Blomstergudsteneste i FJÆRLAND kyrkje 20. juni kl. 11.00 ved  trusopplærar Birte Husum og prestevikar Beate Bondevik Lie. Dåp. Utdeling av bok til 6- og 11-åringar. Takkoffer til Bibelselskapet

PÅMELDINGSSKJEMA til friluftsgudsteneste på Stølsberg (Vetlefjorden, Balestrand) 20. juni kl. 11.00 ved trusopplærar/diakonimedarbeidar Magni Åm Risa og prestevikar Jostein Risa. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Ta gjerne med noko å sitje på og mat/drikke.

 

Det er i tillegg KVELDSSONG i St. Olafs kyrkje i Balestrand kl.20.30. Her er det ikkje førehandspåmelding, men registrering i døra.

Det er mogeleg å melde seg på elektronisk heilt fram til gudstenesta startar og ein kan sjå kor mange ledige plassar det er ved påmelding. 

Dersom du opplever problem, kan du ringe kyrkjekontoret 57 67 99 85 i kontortida måndag-fredag 9.00-15.00. NB! Det er også mogeleg å kome i kyrkja utan påmelding. Vi slepp inn folk så lenge det er ledige plassar att, og kontaktinformasjon vert då registrert i døra.

TIPS: Legg inn lenkja sogndal.kyrkja.no/påmelding som snarveg i nettlesaren din. Framover vil det verte lagt ut påmeldingsskjema for gudstenester i Sogndal kommune på denne sida før kvar helg..

Bakgrunn: Frå 20. april 2021 er det igjen opna for inntil 100 deltakarar ved arrangement med faste, tilviste plassar og minst ein meter avstand mellom kohortane. (Frå 27. mai er det ikkje lenger krav om to meter avstand ved allsong innandørs.) Den norske kyrkja er som gudstenestearrangør pålagt å registrere alle frammøtte med namn og telefonnummer som eit smitteverntiltak og alle skal no tilvisast fast plass i ein av kyrkjebenkene. Dette kan ordnast ved ankomst, men førehandspåmelding forenklar dette arbeidet og reduserer kø ved inngangen. Vi er difor glade for alle som melder seg på på førehand.

Tilbake