Påmelding til gudstenester i Balestrand


Olsokdag, torsdag 29. juli: Kvamsøy kyrkje kl.17.00

 

Lenkjer til påmeldingsskjema:

29. juli, olsokdag

PÅMELDINGSSKJEMA til olsokgudsteneste i Kvamsøy kyrkje torsdag 29. juli kl. 17.00 ved Kjetil Netland. Preike ved Helge S Gaard, generalsekretæri Det norske misjonselskap. Takkoffer til NMS.Nattverd. Ta med eigen mat/drikke til kyrkjekaffi. Båtskyss frå kl 16.00, pris kr 60,- for vaksne.

Det er mogeleg å melde seg på elektronisk heilt fram til gudstenesta startar og ein kan sjå kor mange ledige plassar det er ved påmelding. 

Dersom du opplever problem, kan du ringe kyrkjekontoret 57 67 99 85 i kontortida måndag-fredag 9.00-15.00. NB! Det er også mogeleg å kome i kyrkja utan påmelding. Vi slepp inn folk så lenge det er ledige plassar att, og kontaktinformasjon vert då registrert i døra.

TIPS: Legg inn lenkja sogndal.kyrkja.no/påmelding som snarveg i nettlesaren din. Framover vil det verte lagt ut påmeldingsskjema for gudstenester i Balestrand på denne sida før kvar helg..

Bakgrunn: Frå juni 2021 er det igjen opna for inntil 400 deltakarar ved arrangement med minst ein meter avstand mellom kohortane, men i kyrkjene våre er de uansett ikkje plass til meir enn frå 30-100 personar med 1 meter avstand. Den norske kyrkja er som gudstenestearrangør pålagt å registrere alle frammøtte med namn og telefonnummer som eit smitteverntiltak og alle skal no tilvisast fast plass i ein av kyrkjebenkene. Dette kan ordnast ved ankomst, men førehandspåmelding forenklar dette arbeidet og reduserer kø ved inngangen. Vi er difor glade for alle som melder seg på på førehand.

Tilbake