Påmelding til gudstenester komande helg


18. april: Stedje: Her kan du no melde deg på til gudstenester komande helg 
 

 

Lenkjer til påmeldingsskjema:

PÅMELDINGSSJEMA til Gudsteneste i Stedje kyrkje18. april kl. 11.00 ved prost Geir Paulsen

Gudsteneste i Kaupanger stavkyrke 18. april kl.11.00 er diverre AVLYST pga sjukdom. Påmeldingsskjema er difor teke bort.

Dersom du opplever problem, kan du ringe kyrkjekontoret 57 67 99 85 i kontortida måndag-fredag 9.00-15.00. NB! Det er også mogeleg å kome i kyrkja utan påmelding. Vi slepp inn folk så lenge det er ledige plassar att, og kontaktinformasjon vert då registrert i døra.

TIPS: Legg inn lenkja sogndal.kyrkja.no/påmelding som snarveg i nettlesaren din. Framover vil det verte lagt ut påmeldingsskjema for gudstenester i Sogndal kommune på denne sida før kvar helg..

Frå 16. april 2021 er det igjen opna for inntil 100 deltakarar ved arrangement med faste, tilviste plassar og minst ein meter avstand mellom kohortane. Det er ved allsong inne tilrådd to meter avstand og vi brukar difor berre kvar tredje benk i kyrkjene, Den norske kyrkja er som gudstenestearrangør pålagt å registrere alle frammøtte med namn og telefonnummer som eit smitteverntiltak og alle skal no tilvisast fast plass i ein av kyrkjebenkene. Dette kan ordnast ved ankomst, men førehandspåmelding forenklar dette arbeidet og reduserer kø ved inngangen. Vi er difor glade for alle som melder seg på på førehand.

Det er mogeleg å melde seg på elektronisk heilt fram til gudstenesta startar og ein kan sjå kor mange ledige plassar det er ved påmelding. 

Tilbake