Krossvandring og håpsvandring - eit tilbod til kyrkjelydar i heile landet


Å gå i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon. Vi tilbyr no sett med 14 plansjar til to ulike vandringar som kyrkjelydar kan bruke både no i koronatida og elles: Krossvandringa VIA DOLOROSA og håpsvandringa VIA LUCIS. VI KAN LEVERE HEILT FRAM TIL PÅSKE

 

KROSSVANDRING

Krossvandring - der ein går i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon i tida rundt påske. I 2021 er det laga ein heilt ny serie med 14 plansjar med bibeltekstar og nye bilete til ei slik krossvandring. Les meir om VIA DOLOROSA her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema..

HÅPSVANDRINGEin av Magne V Kristiansen sine illustrasjonar frå håpsvandringa Via Lucis

Ein nyare tradisjon er å gå i lyset frå Jesu oppstode. Vandringa VIA LUCIS (lysvegen) har også 14 stasjonar,  men fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode. Denne vandringa vart laga i fjor og mange kyrkjelydar nytta denne frå påskedag 2020 og fram mot pinse denne våren då det var avgrensa høve til å feire gudstenester. Les meir om VIA LUCIS her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.

Det er Balestrand sokneråd som formidlar desse vandringane og sel to seriar med plakatar. Kvar serie har 14 stasjonar og ein velkomen-plakat. Vi gjev ut kvar serie på nynorsk og bokmål. Plakatane har eit kunstbilete laga av Magne V. Kristiansen. Tekstane er frå Bibelselskapet. Plakatane er framstilt på kraftig plastfolie i A3-format. Plakatane er laga for utandørs bruk ved at dei både er vassekte og lysekte. Plakatane kan til dømes festast på plater/stolpar som kan plasserast rundt ei kyrkje, ein gravplass, i ei naturløype el.l. Kvar serie kostar kr 3000,- eks MVA. Frakt kjem i tillegg.

Levering: Sendingar som vart postlagt før kl.13.00 er som regel framme to dagar seinare med vanleg bedriftspakke og under eit døgn seinare for ekspress-pakke (levering over natt).

Tilbake