Tilbod om sorggruppe onsdag 10. mars


Det vert sorggruppe tilbod i Sogndal på Stedjetunet, onsdag 10.mars kl. 17- ca.19.

Første samling er ikkje forpliktande på noko vis, du kan kome og høyre meir om tilbodet før du bestemmer deg om å delta vidare eller ikkje.

 

Det høyrer til livets gang at vi mistar nokon vi er glad i. Men i nokre samanhenger er dødsfallet meir unaturleg, der det skjer uventa, brått og tragisk. Det kan være svært vanskeleg å ta inn over seg det som hende. Omstende og tida før eit dødsfall kan gjere livet utfordrande, sjølv i dei tilfelle der ein var noko førebudd.

Det er mykje hjelp i å møte andre som går gjennom sorgprosess. I ei sorggruppe vert ein møtt med forståing og støtte frå andre. Langt på veg kjenner ein på dei same kjenslene og har mange av dei same tankane, og denne form for anerkjenning er med å gi styrke og mot på vegen vidare. Det ligg mykje trøyst og håp i omsorga og forståinga frå andre.

Sorggruppa tek føre seg ulike tema som vi har erfaring med kan vere nyttig å snakka om, men gruppemøta er prega av lave skuldre, stor takhøgde, latter og alvor om kvarandre.

Ingen deler meir med kvarandre enn ein sjølv ynskje. Gruppeleiar og gruppemedlemmane har teieplikt ovanfor kvarandre.

Sorggruppa er eit tilbod til alle som kjenner at dei treng nokon andre å snakke med, utanom nær familie og vener.

Kyrkja sitt diakonale arbeid fokuserer m.a på omsorg for menneske i ulike livsfasar og situasjonar. Samtalane i sorggruppa tek ikkje utgangspunkt i livssyn og tru, med mindre spørsmål om dette dukkar opp.

Sorggruppa vert leia av soknediakon Gitte Th.Torstad. Ideell gruppestørrelse er mellom 4-8 personar. Undervegs på dei 10-12 samlingane vil sorggruppa møte andre fagpersonar og. Ta kontakt med Gitte (tlf. 97416519) viss du vil vite meir om sorggruppetilbodet!

Tilbake