Referat 18.11.2020 - Fellesrådet


Referat frå møte i Sogndal kyrkjelege fellesråd 18. november 2020

Saksliste:

  • Sak 038/20: Synfaring på Tjugum kyrkje og kyrkjegard
  • Sak 039/20: Rekneskapsrapport pr. 09.11.2020
  • Sak 040/20: Budsjett 2020
  • Sak 041/20: Framlegg til driftsbudsjett 2021
  • Sak 042/20: Gjennomgang av forsikringar
  • Sak 043/20: Rutinar for merksemd ved merkedagar, avslutta teneste, dødsfall m.m.
  • Sak 044/20: Høyring - Overordna problemstillingar ved kyrkjeval
  • Sak 045/20: Skriv og meldingar 18.11.20
Møtedato: 18.11.2020
Møtetid: Kl. 11:45
Møtestad: Tjugum kyrkjestove

Til stades:

Per Hilleren, Helge Ulvestad, Frode Bøthun, Vegard Bondevik Lie, Elin Borlaug Hauge, Jorunn Merete Haukås-Eide.
 

Meldt forfall:

Magne Ahlin, Gunn Kjersti Bårdgard, Jon Erling Oppedal, May Kristel Bødal, Marie Bukholm, Berit C. Orheim.
 

Møtet starta med ord for dagen ved Vegard B. Lie; Guds kjærleik er størst av alt.
 

Saker

Sak 038/20 Synfaring på Tjugum kyrkje og kyrkjegard

Vedtak: Fellesrådet tek synfaringa på Tjugum kyrkje og kyrkjegard til vitande, og tek informasjonen med i vidare arbeid i rådet.
 

Sak 039/20 Rekneskapsrapport pr. 09.11.2020

Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd tek rekneskapsrapporten pr. 9. november 2020 til orientering.
 

Sak 040/20 Budsjett 2020

Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd tek oversikta over disposisjonsfond til orientering, og ber administrasjon leggje nødvendig vedlikehald av Stedje og Leikanger kyrkjer ut på anbod der ein tek atterhald om at deler av vedlikehaldstiltaka må takast ut av anbodet pga. finansiering.
 

Sak 041/20 Framlegg til driftsbudsjett 2021

Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd vedtek framlegg til driftsbudsjett 2021 på kontogruppenivå, dat. 09.11.20.
 

Sak 042/20 Gjennomgang av forsikringar

Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd tek oversikt over forsikringar til orientering og ber administrasjonen utarbeide eit nytt framlegg til fordeling av verdiar på det enkelte bygg og hente inn tilbod på fullverdi forsikring av kyrkjene. Fellesrådet får forsikringsavtalane lagt fram til vedtak på komande møte.
 

Sak 043/20 Rutinar for merksemd ved merkedagar, avslutta teneste, dødsfall m.m.

Vedtak: Fellesrådet vedtek framlegget til rutine for merksemd ved merkedagar, avslutta teneste, dødsfall m. m. for dei tilsette og for faste medlemar i Sogndal kyrkjelege fellesråd, med desse endringane: Maksimal-sum for krans ved dødsfall vert auka til kr. 2.000,-, og der merksemda skal dekkast av gåvekassa for dei tilsette vert ansvarleg for gjennomføring av tiltaket endra frå kyrkjeverje til velferdskomiteen.
 

Sak 044/20 Høyring - Overordna problemstillingar ved kyrkjeval

Vedtak: Fellesrådet går inn for tilrådingane til administrasjonen til høyringsspørsmåla i høyringa om overordna problemstillingar ved kyrkjeval, og ber administrasjonen sende dei inn til Kyrkjerådet innan høyringsfristen 30. november 2020.
 

Sak 045/20 Skriv og meldingar 18.11.20

Vedtak: Fellesrådet tek skriva og meldingane til vitande.
 

For Sogndal kyrkjelege fellesråd
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal

Dokument

Referat (PDF, 92,9kb. Opnar i nytt vindu)

Tilbake