Her kan du sjå videogudstenesta "Kaffisalmar og Søndagstankar", som erstattar gudstenestene i Kaupanger og Leikanger kyrkjer denne helga.
Søndag 24. januar skulle det vore gudsteneste i Kaupanger stavkyrkje kl 11, og «Salmar og kaffi» i Leikanger kyrkje kl 19. I staden kan du her få vere med på «Kaffisalmar og søndagstankar»!
Videoen blir tilgjengeleg søndag 24. januar kl. 09:00. (Lengde: 14m,28s)
Sett over kaffien heime, og syng med på desse 4 salmane saman med frivillige frå Leikanger kyrkjelyd, og ta til deg gode ord frå fungerande sokneprest i Kaupanger, Kathrine Valle!
Så gler me oss til å møtast att!
Salmar i Norsk salmebok:
854 - No stig vår song
86 - Navnet Jesus
489 - Blott en dag (mel.: Egon Askvik)
197 - Deg være ære
Her er filmen på Kyrkja i Sogndal sin YouTube-kanal!