ENDELEG!! Etter 2 utsetjingar grunna korona, vert det Tårnagentdag for dei som fylte 8 år i 2020: 8.MAI, sjølvaste frigjeringsdagen, treffast me i og ved Ølmheim kyrkje kl 11- 13.
Grunna smittevern skal me vere både UTANFOR og inne i kyrkja, og me må dele oss i små grupper.
Det vert skattejakt inne i kyrkja og på kyrkjegarden, agentoppdrag i kyrkjetårnet og pølsespising frå bålpanne. Alle agentar skal få kvart sitt agentbevis, og vera med og løysa spennande mysterier. Samlinga vert avslutta inne i kyrkja med ei lita gudsteneste.
Me sender IKKJE ut nye invitasjonar i posten, så ver med å spreie dette til vener. Sjølv om ein ikkje er medlem eller tilhøyrig, er ein hjarteleg velkomen til å melde seg på.
Medan du ventar: Sjå denne filmen: "Tårnagentklubben – jakten på den stille stemmen» på Youtube. Høyr på Tårnagentsongen og sjå filmar om tårnagentar der. Då ser du noko av det som kan dukke opp på dagen vår.
|

Inviter med deg ein vaksen!
Vil du ha ein vaksen med deg? Ein som likar å klatre i tårn og løyse agentoppdrag? Me treng englevaktar, som kan vere med å gjere det trygt og fint for tårnagentane den stunda me er saman. Englevaktar følgjer ei gruppe/kohort rundt på dei ulike aktivitetane dei skal gjere. Me treng ekstra mange englevakter i år, då me må ha små kohortar/leikegrupper, og halde avstandar til kvarandre.
Tårnagentdagen kostar 50,- for agentane og ein kan betale med Vipps! De får melding om dette når påmelding er registrert.
Påmelding: Frist innan måndag 3.mai.
Send ein SMS eller e-post til Birte som inneheld:
- Fullt namn på tårnagenten.
- Namn og telefonnummer til foreldre.
- Kva klasse barnet går i og/eller leikeven(er) som de veit skal vere med. Dette for at me kan lage kohortar etter kven som er saman til vanleg. (Me prøver å lage fleire små grupper).
- særskilde behov som allergiar eller anna tilrettelegging.
- Namn på ein Englevakt som blir med (ikkje obligatorisk dersom du er i kohort med andre barn som har med englevakt).
Frå kyrkjestaben vert med:
Prest: Vegard B. Lie
Kyrkjetenar: Cristina Sandor
Organist: Arild Slinde
Trusopplærar: Birte Husum
|
Med venleg helsing Fjærland, Kaupanger, Norum, Leikanger og Stedje sokn

V/ Birte Husum, leiar for trusopplæringa
Tlf. 947 98 799
birte.husum@sogndal.kyrkja.no
(PS: Det blir Tårnagent-dag for 2013-kullet i oktober.)