Biskop Halvor Nordhaug oppmodar kyrkjelydene til deltaking TV-aksjonen 2020


«Et hav av muligheter!» Dette er namnet på TV-aksjonen i 2020. Sjølve aksjonsdagen er 18. oktober, men den digitale innsamlinga startar allereie 5. oktober.
Aksjonen skal i år gå til World Wildlife Fund (WWF) og deira kamp for å kjempe mot plast i havet. Dette vil dei gjere ved å etablere og forbedre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske.

 

I samarbeid med lokalbefolkning, politikarar og næringsliv er målet å redusere utslepp av plast til elvar og hav med 7000 tonn årleg. Dette skal skje ved å samle inn og resirkulere boss som i dag endar opp i naturen, redusere bruken av unødvendig plast og jobbe for at dei som bestemmer, forpliktar seg til å nå WWF sine mål om null plast på avvegar i 2030. Med midlar frå TV-aksjonen startar arbeidet der problema er størst:
ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Difor er midla frå TV-aksjonen øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Kvifor er denne aksjonen viktig? Som kyrkje er vi forplikta på ei forsvarleg forvaltning av skaparverket. Plan for diakoni løfter og fram vern om skaparverket som heilt sentralt for vår kyrkje og vår diakoni. Gjennom å støtte aksjonen i år bidreg vi både til å redusere plast i våre hav og til å ta vare på mangfaldet i naturen.
TV-aksjonen i år handlar difor om vår felles framtid. Som kyrkje har vi eit kall frå Gud til å kjempe for rettferd og verne om skaparverket. Difor er TV-aksjonen noko som gjeld oss – også i år. I dette arbeidet står vi saman med mange.

Eg tilrår difor kyrkjelydane og medlemmane våre i Bjørgvin bispedøme om å:

  • verve seg som digitale bøsseberarar da det ikkje vil vere nytta ordinære bøsser/dør-til-dør-aksjon i år pga Covid19/ corona-pandemien
  • løfte temaet fram i gudstenesta og arrangement
  • gje offer og på andre måtar gje aksjonen merksemd og støtte

For å bli digital bøsseberar; sjå vedlegget til dette brevet frå TV-aksjonen sitt sekretariat.

Venleg helsing

Halvor Nordhaug
Biskop i Bjørgvin

Tilbake