Fruktbart samarbeid


Ung Messe på Sygna

 

Med den korrekte meteren mellom kvar stol var rundt 60 elevar på Sygna vgs samla til Ung Messe 10. september.

Elevane samlast vanlegvis til Torsdagsmøte kvar veke, men denne torsdagen var forma litt annleis. Den enkle gudstenesta var eit samarbeid mellom skulen og kyrkja. Elevar deltok med både bøner og skriftlesing, og eit nystifta lovsongsband gav tonefylgje til både salmar og lovsongar. Sokneprest Kjetil Netland leidde oss igjennom dei liturgiske ledda og held preike. Gjennom likninga om vingardsarbeidarane (Matt. 20:1-16) fekk han fram at alle kan vere med å tene i Guds rike, og at vi får same løn, nemleg den løna Jesus fortente for dagsverket sitt på Langfredag. Ungdomsarbeidar Martin, som nett har avslutta tenesta som feltprest, fortalte litt om korleis kallet hans vaks fram som ein «kombinasjon av det som er gøy og det som er viktig». Så vart dei frammøtte oppfordra til å finne si teneste. Kjetil understreka at alle er kalla til å tene, ikkje for å vinne prestisje eller få størst løn (for løna er den same for alle), men fordi vi er ein del av Guds Rike-fellesskapen.

Kvelden vart avslutta med nattverd, der vi fekk ta i mot brødet og vinen. Brødet, som er forma som små myntar med den krossfeste Jesus på, vart ei ekstra påminning om løna Jesus betalte for oss.

Takk til Sygna for det gode samarbeidet!

 

 

 

 

Tilbake