I trusopplæringa bruker me omgrepa "medlem" og "tilhøyrig" når me inviterer til kyrkja. Mange lurer på kva dette tyder, og her vil me gje ei forklaring. No kan du melde borna dine som trusopplæringsabonnentar (GRATIS) sjølv om de ikkje står som medlemmar i kyrkja nokon av dykk.
Medlem:
Medlemskap i kyrkja får ein ved å vere døypt. Er ein døypt i eit anna kyrkjesamfunn, kan ein melde seg inn ved å levere kopi av dåpsattest.
Tilhøyrig:
Dette omgrepet bruker me om barn der ein eller begge foreldra er medlem i kyrkja, men barnet ikkje er døypt sjølv. Tidlegare vart barn automatisk tilhøyrige når foreldra sto som medlem.
Frå 01.01.2021 kom den nye trussamfunnslova. Då vart ALLE tilhøyrige i medlemsregisteret til Den Norske Kyrkja sletta. Kvar og ein må sjølve melde frå om dei ynskjer sine barn skal stå på lista over tilhøyrige framover. Les meir om dette i skrivet Den norske kirke sletter tilhørige fra medlemsregisteret (PDF, 55kb). Foreldra må aktivt melde barnet til å stå på lista over tilhøyrige ved å logge seg inn på min side (opnar i nytt vindu) og registrere barna sine der.
Invitasjonar:
Når eit barn vert døypt, seier foreldra og fadrane ja til at barnet skal "oppsedast til eit liv i den kristne forsakinga og trua". Dette er mandatet som kyrkja får til å drive trusopplæringsarbeid.
Trusopplæraren jobbar med å administrere listene over barn som skal inviterast til dei ulike tiltaka i trusopplæringsplanen. Namna vert henta frå DNK sitt medlemsregister før kvar invitasjon skal sendast ut.
Gratis trusopplæringsabonnement:
Om du og barna dine ikkje er medlem i kyrkja, kan du likevel melde barna dine på som abonnent i trusopplæringa (opnar i nytt vindu). Du vil då få brev i posten på lik linje med medlem og tilhøyrige. Dette er heilt nytt hausten 2021, og me ber om hjelp til å spreie denne informasjonen slik at fleire kan få det med seg. Alle born er velkomne i kyrkja på trusopplæringstiltak!!

Bilde av Mi kyrkjebok 6, som vert delt ut til alle 6-åringar.
Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om du treng hjelp til å registrere abonnementet.
Kyrkja forkynner bodskapen om Jesus Kristus. "GUD GIR - VI DELER" er overskrifta i trusopplæringa i Den norske kyrkja. Me ynskjer alle velkomne inn til samlingar og gudstenester.
Du er også hjarteleg velkomen til å ta kontakt ved spørsmål.
Beste helsing
Birte Husum
Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
birte.husum@sogndal.kyrkja.no | Tlf: 94798799 (klikk for å ringe)